Profile
Blog
Photos
Videos
Endå ei lita helsing frå India!
No er vi lokalisert i Bharatpur, ein times køyring frå Agra. Vi sjekka inn på det eine flotte hotellet etter det andre, som sagt, ikkje som forventa. Her har vi basseng, lysekrone i taket, store fine rom, fontene i hagen, ja, rett og slett ganske så lukseriøst! Vi skal tilbringe ei natt her før turen går vidare til Jaipur.
I går stod vi opp tidleg for å sjå Taj Mahal ved soloppgang. Nydelig bygg i nydelig lys. Det vart knipsa nok bilder, for å sei det sånn. Ettersom vi bare blogga frå mobilen, får ikkje vi lagt ut så mange bilder, men med bare 4 (!!!) dagar til heimreise, går det nok bra. Ellers har vi sett Agra Fort, sett korleis eit indisk bryllaup går føre seg (iløpet av dei to dagane i Agra vart det arrangert to bryllaup på hotellet) ete mykje naan-brød (ny favoritt) og anna god indisk mat. I Jaipur skal vi få vere med på eit indisk matlagingskurs, hurra! og eit anna høgdepunkt på programmet blir Bollywood-film på kino.
Sjølv om vi bur på fine hotell og et på skikkelige restaurantar, blir vi ikkje skjerma for Indias mindre lukseriøse side. Når vi har køyrt mellom byane og gått rundt i gatene, har vi sett mykje fattigdom. Det er fælt når små unga kjem bort og drar oss i armen og ber om pengar og mat, og det er sterkt å sjå folk sove på gater som er fulle av boss. Det får oss virkelig til å innsjå kor heldige vi er som bur i Norge med alle dei godene vi har.
Vi gler oss meir enn nokon gong til å komme heim til familie, jul og trygge fine Norge. Håpar alt står bra til heime, og at dokke óg gledar dokke til vi landa på norsk jord!
-Linn og Ingvild, snart klar for heimreise-
- comments
Roald Hei jenter ! Vi er like glade for baade smaa og store helsinger fra dokke. Haapa dokke har forstaatt paa bloggane fra gamlelandet at vi alle gleda oss stort til dokke er trygt tilbake. Ny ladning heimelaga lefser m.m. venter i frysaren, store forskjellar paa det dokke opplever paa gata i India. Har er alt bare bra men fryktekig kald, ca 6 kuldegrader. Skal helse fra bestemora og. Ha det fint.
Janne Nok ei god skildring frå reisa dokkas. Håpar dokke får "samla" alt i ein pem, for her er det mykje godt lesestoff for etterkomarane og for oss som gjerne vil lese det ein gong til! Ikkje minst sjå ALLE bilda. Nyt varmen og det som er framand. Her kjem dokke fort tilbake til kvardagen, kulden og juleførebuingane, ... alt det kjende og kjære vi set så stor pris på. God tur heim. Klemmar
Sverre Hei jenter, takk for ny oppdatering. Ja kontrastene er sikkert store. Slik er det bare og gir grunn til å være glade over et liv i trygge Skandinavia. Kos dere med litt luksus i India, det må være fantastisk fint. Vi teller endelig timer. Snart sees vi!!! Hilsen Sverre
Margrete Hei Ingvild og Linn! Tusen takk for nok en fin reiseskildring! Nå gleder vi oss til å se dere på GM. Nettopp tilbake fra flott skitur her på Nordseter. 9 kuldegrader og fine løypeforhold. Og ja Ingvild -vi har husket å ta med vesken din:).Sees snart!