Profile
Blog
Photos
Videos
Hei igjen!
Frå søndag 20.februar til igår var me i Cape Town området. Dei første dagane brukte me berre til å utforska byen og sjå oss rundt. Cape Town er ein fantastisk by og gå i, og det er masse å sjå. Tirsdag fann me ut at me skulle opp tidleg for å bestige Table Mountain. Me blei advart mot å ikkje gå opp om det var sterk vind for forholda endrar seg ganske fort der oppe. Så me fann ut at me skulle gå opp til taubanen og så bestemme oss der. Etter 45 min gange rett opp i steikande sol, kom til taubanen og den var stengt pga sterk vind. Så me bestemte oss for å kvile litt før me gjekk vidare eller tilbakeigjen. Då me satt der minka vinda og dei opna banen igjen, tilfeldigvis hadde me sett oss fremst i billettkøen fordi der var det skugge. Så då tok me taubanen opp og skulle gå ned igjen. Det var ei skummel reise i taubanen opp, gjort verre av det roterande golvet og ein gjeng livredde 15-årige gutar frå USA på fotballtur. Men det var ein fantastisk utsikt som venta oss der oppe, så det var verdt det! Me sat der og nytte utsikta ei stund før me gjekk bortover fjellet for å finna stien ned. Stien gjekk ned gjennom ei smal renna i fjellet og det var bratt. Det viste seg snart at etter ein månad på buss gjennom Afrika ikkje akkurat har gjort noko positivt for musklane i beina, og kombinasjonen av nedstigninga og at du var livredd for å dette, gjorde at beina fort blei géléaktige. Turen ned var på nesten 3 timar, og klokka var blitt 12.30 før me byrja, så det var utruleg varmt. Det var ikkje ei einaste sky på himmelen og så godt som ingen stadar med skygge på turen ned. Då me trudde me var nesten framme, viste det seg at me måtte gå rundt noko for å koma ned og det sto 1 time igjen på skiltet. Då var me nesten tomme for vatn og var nærme solstikk begge to. Den siste strekningen så trudde me begge to at me skulle besvime, men Martine hadde litt vatn igjen og eg hadde eit eple, så me klarte akkurat å komma oss ned før me datt saman. Martine datt saman i køen til kafeen og eg trynte på grusen på stien. Dette er første gang eg skulle ønske eg heller gjekk opp eit fjell enn ned! I tillegg sleit me med trapper dei neste tre dagane :p Så tips til dei som skal til Cape Town: ikkje undervurder Table Mountain eller solsteiken midt på dagen!
Onsdagen planla me å reisa ut til Robben Island, men det var fullt på båten då me kom ned. Derfor tilbrakte me dagen rundt på forskjellige marked og Martine handla ein del. Eg handla min del i Aust-Afrika, eg likte prutinga, og brydde meg ikkje om dei innpåslitne selgjarane. Martine likte ikkje det heilt, og handla derfor meir i Cape Town. Du får omtrent det same, berre litt dyrare. Me var ute og åt med eit par frå England, Anna og Dave, ho var med på turen frå Lvingstone til Jo'burg, og han møtte oss der. Dei er begge medisinstudentar, ho har hatt praksis i 6 veker på sjukehus i Malawi, medan han har hatt praksis i 6 veker på sjukehus i Johannesburg/Soweto. Dei har begge opplevd situasjonar som aldri ville skjedd i Europa, og har mykje att for praksisen. Han som var her i Sør-Afrika har hatt mest opplevelsar med at det var farleg å arbeide på sjukehuset pga kriminalitet. Det er slik at om det er ein skyteepisode og ein som overlever, kjem skyttar berre inn på sjukehuset for å gjera ferdig jobben. Det er óg så farleg etter det er blitt mørkt i Johannesburg, og spesielt i Soweto, at om skiftet ditt er ferdig kl 20, så går du ikkje heim, du berre finn deg ei seng på sjukehuset og sove der. Han jobba stort 28 timars skift for då slapp dei og sova på sjukehuset og heile problematikken med at det var farlegt å gå ut. I ei av dei første vekene han var der, medan han sto og sydde igjen ein pasient som hadde blitt knivstukket, fekk han sjølv eit stikk av ei nål. Denne pasienten hadde HIV og Dave går no på medisin for å forhindre at han får HIV, men det tar 4 månadar før du kan ta HIV-test og få sikkert svar på om du er smitta eller ikkje. Så det har vore ein litt anna kvardag for dei i praksis her enn det er for Anna neste år då ho skal være i Colchester eit heilt år!
Dagen etter vart me henta på hostellet av Janet, guiden vår frå første turen. Ho bur i Fish Hoek, ute på Peninsulaen, og ville ta oss med på rundtur der sidan det var Martine sin bursdag. Me køyrde frå Cape Town rundt på vestsida av halvøya, ein veg dei kallar Chapman's Peak, og ned til Kapp Det Gode Håp og Cape Point. Så no har me vore på det sør-vestligste punktet i Afrika. Det som var litt dumt var at det denne dagen var tåke, så alt var kvitt. Men det gjorde det óg litt mystisk og spennande. Og det klarna til slutt opp, så me fekk sjå at det faktisk var hav der. Vidare frå der køyrde me mot pingvinane i Simon's Town med eit stopp på ei strand der me hadde piknik med brie & kjeks og rosévin. Koseleg. Pingvinane var høgdepunktet! Både eg og Martine har hatt pingvinane som ein av toppgrunnane til å reisa til Sør-Afrika. Martine vart heilt hypnotisert medan ho sto der og sa "They're soooo cuuuuuute!" Og dei var det! Frå pingvinane køyrde me gjennom Fish Hoek til Kalk Bay der me hadde lunsj på the Brass Bell, ein skikkeleg kul plass. Me kunne godt ha vore der heile kvelden, men me måtte finna ein stad og bu, og reiste tilbake til Simon's Town der me tok inn på samme hostellet som Anna & Dave. Janet bur i "leikestova" i hagen til søstera så det hadde blitt litt trangt om me alle tre skulle bu der. Hostellet i Simon's Town var eigd av ein danske og sidan det var Martine sin bursdag så fekk me to-mannsrom til prisen av sovesal. Veldig ok! Me to og Anna gjekk om kvelden ut på den lokale brune puben og drakk vin med dei lokale.
Dei neste to dagane tilbrakte og i Simon's Town området, med go sushi og kule butikkar i Kalk Bay og fin strand i Fish Hoek. På lauragsmorgonen tok me toget til Cape Town, ein opplevelse i seg sjølv, for å reise til Robben Island. Denne gongen hadde me kjøpt billettar på forhånd. Turen ut dit var ikkje heilt som me hadde tenkt, men et var fortsatt ein fin opplevelse. Me hadde ein god guide, som hadde vore guide for alle dei viktige personane i verda, bla Nelson Mandela sjølv, Obama og Kong Harald. Det var spesielt og sjå, men fordi det var så turifisert så fekk du ikkje heilt følelsen av å stå der Nelson Mandela hadde budd i 18 år i ei lita celle utan nokon ting. Begge guidane me hadde var folk som hadde vore fangar der ute sjølv, men me fekk ikkje høyra så mykje av deira historie. Det er tydeleg at Nelson Mandela er frontfiguren for apartheidkampen i Sør-Afrika, med rette, men det hadde vore ei meir spesiell oppleving å fått høyrt forteljingar om akkurat korleis det daglege livet på Robben Island var.
Då me kom tilbake til Simon's Town kom Janet og henta oss igjen, der kjøpe me take-away sushi til middag og køyrde heim til ho for å eta. Me var invitert i 30 års dag til venninna til Janet i Kalk Bay. Så rundt kl 21 og etter nokre glas vin, GJEKK me frå Fish Hoek til Kalk Bay. Det bør ein ikkje gjera eigentleg, men me haldt oss til hovudvegen heile vegen og det gjekk fint. Me hadde samme strategi som då eg og Kari var små og redde for å gå vegen mellom Besta og Bergli, me song så høgt me kunne heile vegen. Det funka på elg og bjørn i Vinje, og funka like bra på skumle menn i Sør-Afrika. Men det er framleis litt; don't try this at home! Kvelden var morosam og det vart seint før me gjekk heim, men då hadde me i det minste taxi som køyrde oss :-) Jada, me er forsiktige Tante(r)!
Søndag fekk me skyss av ein kompis av Janet frå Simon's Town til Stellenbosch, ca 1.5time inn i landet. Stellenbosch er vinhovudstaden i Sør-Afrika og ein koseleg studentby. Sidan Errol køyrde pickup, sat Martine på lasteplanet heile vegen. Me sat der begge ei stund fordi han måtte køyre Janet heim først, men det gjekk fint. Luftig og godt. Martine sov heile vegen, slik ho har gjort kvar tur til no, så ho hadde det bra der bak. Første inntrykket av Stellenbosch var at det var forferdeleg varmt. Dette inntrykket fortsatte vel eigentleg dei to dagane me var der. Men det er og ein veldig koseleg by med fin natur rundt. Den er og mykje rolegare og tryggare enn der me har vore før, så det er ikkje like skummelt og gå rundt på eigen hand. Ikkje at me har følt oss trua før heller... Mandag var me på vintur rundt i området, me var innom ein vingård i Stellenbosch, ein i Paarl, ein i Franschoek og ein mellom Stellenbosch og Franschoek, så me fekk smakt på dei ulike typane vin produsert i Sør-Afrika. Det var ein god tur der me fekk mykje for pengane. På første garden, Simonsig, fekk me óg gjennomgang av vinkjellaren. Dette var noko litt anna enn vinkjellartur på Caiano, eit litt høgare nivå. Dei hadde god vin, spesielt ein raudvin som heiter Tiara bør Sjur ta inn på polet. (Oppgåve: Pappa Martin) På neste gard fekk me både ost og vin, og me følte oss ganske så vaksne der me gjekk rundt med vinglas i eine handa og smaka på ost med den andre. Dei hadde kjempegod geiteost og i følge Martine blåmuggost. Dette blir for mykje ost for min del. Men det var veldig bra. Dei to neste gardane var og bra, men ikkje like bra som dei to første. På den siste fekk me derimot servert ein sprudlande raudvin som var kåra til Sør-Afrika beste sprudlande vin, og den var utruleg god. Denne eksporterte dei ikkje til Noreg endå, men dei prøvde å få til noko, så dette er óg ei oppgåve for Sjur. Eller Chrestense :-) Etter vinturen gjekk me på eit marked og kjøpte oss kvar si Afrika tromme, så no kan de berre byrja å gleda dykk til me kjem att!
No er me i Wilderness på the Wild Farm. Innlegg frå the Garden route og kysten oppover kjem seinare!
No har me vel vore flinke vel? To lange innlegg på ein gong!! Skal til og me prøva å imponera med eit par bilete seinare :) Martine helsar frå hengekøya til alle som frys heime. Peace & love!
Ps. Det vart inga haidykking på meg pga for sterk vind til at båtane kunne gå ut...men det gjer ingenting, for eg skal tilbake!
- comments
Mari Idag har me lagt ut to innlegg og bilete, no må de væra nøgde :-) Meir bilete og biletetekstar kjem seinare!
Pappa Martin Takk for flotte innlegg. De har de kjekt og får oppleva mykje. Det er bra. Skal ta den oppgåva med disse vinane. Eg skal kontakta monopolbestyrar Sjur. Elles så har me som vinprodusent kontakt med importørane, så dette får me ordna.Fint at de møter så mange lokale. Dei blir sikkert veldigt "øvegidde" når dei hyrer kor felt me har det her i landet. Tips dei om at S Jensen gjerne kjem ned og fortel meir om det. I kveld torsdag pakkar mammo og eg for å reisa på heia i morgon tidleg. Det blir vinterferien i år. Meldt bra vær. Tantane rundt her m fam kom heim frå Gullingen i dag. Odny & co er i Haukeli. Ola kom heim i går. Skal opp til fagprøve 15. Mars. Ellers går det mest i VM på fjensynet og Gadafi som seier det ikkje ar vore demonstrasjonar i Libya, ingen er drepen og Al Caida gjev dei unge narkotika, og alle i landet elskar han og vil døy for han. Håpar det ordnar seg for folket der før det går over i rein borgarkrig. Det var status. God natt og god tur vidare! Pappa
Odny Tilbake frå flott vinterferie i fjellet uten internett. Såg fram til å komma heim og lesa siste rapport frå dåke. Skal sei opplevingane står i kø. Ingeborg har fått to kort frå deg Martine som vart vist fram på skulen idag. Stas med ei storesyster som ferdas blant ville dyr i Afrika. Kos dåke vidare på turen og pass godt på kvarandre. Klem mamma.
Moste Bergli. Hei M og M.Så moro og lesa om opplevingane "dikkøs" eg ser på måten de skriv at de har det bra.Her er me mest opptekne med ski,litt rusa enno etter eit flott VM.God tur vidare, sjå opp for ristingar og høge bylgjer.