Profile
Blog
Photos
Videos
Hei på dåke! Då skal eg endeleg prøva å skriva det innlegget me har lovt dei siste to vekene :-) Så medan Martine sov i hengekøya, så skal eg prøva å skriva litt.
Me har no altså vore i Sør-Afrika i snart to veker etter at me avslutta den siste 'overland'-turen vår frå Livingstone til Johannesburg. Så me får dela innlegget litt.
Turen i frå Livingstone starta me grenseovergang frå Zambia til Botswana. Grensa her er delt av ei elv, eigentleg to elvar: Chobe og Zambezi, det er akkurat der dei to møtest. Over elva må ein ta ferje sjølv om det ikkje er meir enn 200m, men Zambia tener så mykje pengar på ferja at dei nektar å byggje bru. Afrika. Både Botswana og Zambia har tre ferjer kvar som skal gå over kontinuerlig. Når me var der var me heldige at to ferjer totalt var i bruk. Dei siste vekene hadde berre ei lita ferje gått over der, så me køyrde forbi meir enn 10 km med trailerkø før me kom til ferja. Dette er dei store kopartransportane som skal ned til Durban for å shippast ut i den store verda. Det var mange midtfingrar og stygge ord til sjåføren vår når han køyrde forbi og stilte seg fremst i køen med sin, ikkje fullt så store. lastebil. Men med ei machetekniv viftande i handa, gjekk det fint. Igjen, Afrika.
Den samme kvelden var me på elve-safari i Chobe National Park. Me såg ca 70 elefantar som kom springande ned lia til vasskanten for å bade. Ganske så spektakulært! I tillegg såg me flodhestar, krokodillar, bavianar, apekattar og forskjellige andre levande skapningar. Neste dag køyrde me vidare til Elephant Sands, utanfor Nata i Botwana. Denne "campingplassen" ligg ute i ingenting, i ørkenen på grensa til Makgadikgadi Pans. Rett nedanfor restauranten/baren er det eit vasshol som elefantane, og av og til løver o.l., kjem for å drikke av. Elefantane har dessutan funne ut at vatnet i symjebassenget er betre enn det i va******t og kjem derfor heller opp til baren og bassenget for å drikke. Dette har gått bra i alle år, heilt til for ca ein månad sidan då ein elefantbaby datt uti bassenget. Den kom seg ikkje opp, og for å få hjelpt elefanten opp, jaga folka der dei andre elefantane vekk med våpen... Dei fekk babyelefanten opp uten at den vart skada, og den sprang tilbake til familien sin. Seinare på kvelden samme dag, kom mora til den vesle elefanten tilbake og skulle ha hevn. Med seg hadde ho andre store elefantar og saman knuste dei toalett-og dusjhuset og deler av baren pluss alle trea på heile campingplassen. Eigaren av plassen, som har budt der ute heile livet fekk hjerteinnfarkt då elefanten berre var cm ifrå å knuse han sjølv. Du kunne verkeleg sjå kreftene som elefantar har i snabelen sin. Ja, eg veit akkurat kva det høyrest ut som. Eigaren elskar plassen så han har ikkje gjort noko for å halde elefantane ute av campen, han har bygd ein halvhøg murkant på eine sida av symjebassenget, som berre hindrar små elefantar frå å koma inn. I tillegg vil han byggje enda eit vasshol for dei på andre sida, dette skal óg ha vatn i tørkeperioden. På Elephant Sands valgte me to pluss eit par frå Australia og ikkje bli med dei andre på bushcamping ute på pannene. Me hadde gjort dette før, og skjønte eigentleg ikkje heilt korleis det kunne bli meir bush enn der me var. Utanom symjebassenget då. Det viste seg å væra lurt, for meg fekk tidenes middag servert og til og med ostekake til dessert. Luksus!
Utanom dyreliv og natur, og kule campingplassar, fekk me eigentleg ikkje noko inntrykk av Botswana som land slik kulturmessig. Sjølv om eigarane av stadane me budde på var frå Botswana så fekk me ikkje noko inntrykk av dei som folkeslag. Botswana er veldig turistifisert, om det heiter det, og er ein av dei raskast veksande økonomiane i Afrika pga diamantar. Men andre som har reist på vestsida i Botswana, Kalahariørkenen og deltaet på grensa til Namibia, seier det er heilt fantastisk. Så me får nok koma tilbake!
Dei me reiste saman med på den siste turen var ein fin gjeng. Me hadde det morosamt! Guiden vår, i motsetning til tidlegare, var ikkje heilt topp. Men me hadde derimot ein super sjåfør og ein guie-lærling som gjorde turen bra. Då me kryssa over grensa til Sør-Afrika budde me første natta i ein by som heiter Polokwane. Me budde rett attemed ein av stadionane frå VM, og inne i eit natur reservat. Her valgte ein del av oss, Martine var ikkje heilt i form, og gå for å finne nashorn. Det er ikkje mange stadar igjen der du kan gå fritt rundt på eigen hand for å sjå ein av the big 5, så me benytte sjansen. Det var altfor varmt, men dei av oss som haldt ut, endte opp med å gå nesten 12 km. Me gjekk feil i forhold til der me trudde me gjekk, så me endte opp med å gå brannvegen for å finne tilbakeatt til campen før solnedgang. Eine guten på turen, ein 18-åring frå England, ville sjølvsagt heller finne nashorn så han sette ut på eigen hand medan me andre gjekk beine vegen tilbakeatt. Me såg ikkje nashorn, men det gjorde sjølvsagt han. Kjedeleg, men framleis fin tur blant sebraar og antiloper osv. Eg må innrømma at eg var ganske så stolt av meg sjølv der eg gjekk i fleire timar i høgt gras i Afrika, i shorts! Ikkje var eg redd heller, utanom når det kom ein flokk me strutsar og byrja å sirkla rundt oss. Heldigvis fann dei større interesse i noko anna etterkvart. Men ingen slangar :-)
Frå Polokwane reiste me vidare mot Kruger National Park, der me budde første natta i Hayzeview ca 15 min frå eine inngangen til nasjonalparken. Dette var óg ein plass der me tenkte: Kva i all verda gjer me her? då me kom, men det viste seg å vera ein av dei finaste stadane me har vore. Eigarane hadde lagt campingplass i ei li, der det var akkurat som eit platå for kvar ting. Alt var utenomdørs; do, dusj, restaurant/bar, "internettkafé"...det var også laga til ein kulp i ei elv, så det vart omtrent som eit lite symjebasseng i fossen. Alt var skikkeleg gjennomført og bra. Om kvelden vart me servert ein buffé av tradisjonelle rettar og fekk framvisning av tradisjonell dans frå Zulu-stamma. Alt var supert, heilt til eigaren kom og sa han hadde fanga ein treslange som han skulle vise oss korleis han fanga. Så han skulle altså sleppe denne slangen utigjen framfor oss, og fange den på nytt igjen berre for moro skuld. Alle som kjenner meg, veit at det ikkje er moro. Denne mannen hadde berre to fingrar igjen etter å ha blitt biten av ein slange då han var yngre. Gifta hadde berre etsa dei vekk, og dei hadde kutta av fingrane slik at det ikkje skulle spre seg. Heldigvis venta han til etter middagen med dette og eg, og Martine som var snill store-søskenbarn, gjekk å la oss før han tok fram noko som helst. Sidan me skulle stå opp kl 0430 for å på safari så gjekk det eigentleg heilt fint. Så sjølv om denne mannen øydela litt min stolthet frå dagen før, så gjekk det bra :-)
Kruger var noko heilt anna enn Serengeti, det gjekk opp og ned, og dyra var ikkje overalt slik som der oppe. Det som var litt synd var at det no er regntid og graset er altfor høgt til å verkeleg sjå noko. Men me såg bøffel, nashorn, elefantar, sjiraffar, krokodillar, flodhest.....og masse meir, men ingen kattar. Og det er jo alltid litt nedtur. Serengeti og Ngorongoro krateret blir litt som ein dyrehage i forhold til alt anna. Men gøy er det uansett! Me budde inne i Kruger denne natta og koste oss rundt bålet med god grillmat, biltong (sør-afrikansk spekemat) og øl. Det har vore mange koselege bålstunder på denne turen! Frå Kruger reiste me vidare til Johannesburg der me sov i nærleiken av flyplassen. Det hadde vore overbooking på hotellet så me to pluss eit anna par vart flytta til eit anna hotell, noko som viste seg å vera tidenes oppgradering. Me kunne ha fest i dusjen, så stor var den. Og me hadde kvar si dobbelseng, noko som er ekstremluksus etter 1 månad med camping! I tillegg fekk me verdens beste frukost dagen etterpå, så me var nøgde med å vera outcasts. På kvelden hadde me samling med alle frå gruppa sidan det var siste kvelden. Så då bestilte me take-away pizza, levert på dør sidan du ikkje går nokon stad etter det er blitt mørkt i Johannesburg. Ein fin tur med ein fin gjeng, så me har alt i alt hatt ein super opplevelse med overland-reising i Afrika! :-)
- comments