Profile
Blog
Photos
Videos
No er me komne til Perth, og her har me det særs triveleg! Endeleg nokre dagar utan utsjekk klokka 10 og (kpb overtek) pakking, møo og tenk"ko ska me te med no?".
Siri og Inghild har take imot oss med åpne armar og gode smil. Arnstein vart lagt på sofaen i stova (eit vedtak gjort av Eirik og Kristian), medan me to andre har lagt oss på rommet te Siri. (Og Siri har lagt seg på rommet hjå Inghild)... (Dette vart mykje liggjeplassorientering....)
Perth er på mange måtar avslutninga på ferien vår, noko me verdset høgt. Her ska me slappe skikkeleg tå, og ikkje tenkje på stort meir enn kor på stranda me skal finne liggjeplass.... I dag har me lege på stranda og leika i vatnet. Vidare fann me luftmadrass og mat, og har i kveld inntake eit helsikes herremåltid med bruschetta, biffmiddag og vassmelon te dessert. Gutane handlar, kokkar og styrar, medan me trur jentene set stor pris på oppvasrtninga. I alle fall er dei gode te å vaske opp, noko me tek som gode kompliment.
Vidare i Perth har Arnstein, Siri og eg tenkt å få ein svenske te å lære oss kiting, noko som kan bli artige bilete. Meir om dette kjem nok.
Reisa hit gjekk veldig bra. Det var 7 og ein halv time frå Auckland med mykje turbulens undevegs. Tidsskilnaden er 4 timar, men det gjekk se ganske bra te. I Auckland var me ikkje innom spesielt mykje, me rakk ein middag og nokre øl saman med Eirik frå Årdal. Før me køyrde inn i Auckland drog me ut te Piha, ein plass på vestkysten utanfor Auckland, med nydelege, svarte strender og bratte klipper. Bilete finst sikkert ein plass.
Før dette var me altså i Rotorua der me hadde aktivitetsdag. Dette har me lagt ut mykje bilete på.... :) Eg har hoppa i strikkhopp i Taupo - 47 meter rett ned i ei elv. Eg vart duppa til godt ned på leggen, og vart premiert med blåveis. Den har eg enno. All åtgaum er god åtgaum seiast det.
No trur e me ska hive oss i bassenget, så går det nokre dagar så er me i Noreg att. Skal helse frå alle, så vert det lagt ut bilete forhåpentleg både på Facern og Bloggen.
Jeje..
Mpp Eirik (Kristian)
- comments