Profile
Blog
Photos
Videos
Note to self:
Hugs innkjøp av øyreproppar ;)
Klokka har vorte 0830 på morgonen her i Hong Kong. Underteikna har den siste natta fått seg om lag 0 minutt søvn. Truleg mykje grunna jetlag, og delvis grunna framifrå konsert frå snorkfrøken 1 og 2. Dei tek absolutt Lionel Richie på ordet; All night long! ;)
No har eg vel eigentleg gjeve opp å få sove for godt, og tenkjer eg tek det att på flyet til Sydney. Summa sumarum er jo dette ris på eigen bak, då øyreproppar har vore godt merka og utheva på opptil fleire pakkelister - utan at det har vorte med i sekken. Slek kan det gjekk, noko måtte ein gløyme. Learning it the hard way ;) Ein ting er i allefall klart - det blir garantert IKKJE betre når vi havnar på sovesalar i Australia, der reportoaret garantert blir utvida. Det finst mange utruleg dyktige utøverar innan denne sjangeren...
Nei, no trur eg at eg tek meg ein dusj (på vårt framleis mørklagte hotellrom, heia hovudlykt!), også er det vel snart på tide å vekke Peter og Skippy. Vi må få pakka oss ut av rommet innan klokka tolv, og deretter finne på noko sprell i byen fram til vi legg i veg til flyplassen :)
Thank thank,
Eirik
- comments