Profile
Blog
Photos
Videos
Eg skal prøve å skrive ei oppsummering av dei fyrste tre vekene i Sri Lanka. Hovudsakleg har det stort sett vore kontorrotteaktivitetar, men på nokre kvelder og på eit par helger har eg også fått opplevd mykje hyggjelege ting! :)
Eg landa altså i Colombo onsdag 2. oktober. Flyreisa gjekk særs bra - ein skjønar at ein ikkje akkurat dreg dit alle andre dreg når transit-bussen mellom terminal 5 og 4 på Heathrow er privatlimousinen din, og
du er HEILT åleine i sikkerheitskontrollen. Men vel inne i terminal 4 fann eg mykje folk og eg fann middag. Og ei øl. Flyreisa frå London til Colombo var ca 10-11 timar, og eg hadde midtgangsete og ingen ved sidan av meg.
Eg kosar meg på fly - har eg alltid gjort. Atter takk til Bertel som lærde meg rutina med middag, øl, ei øl til, og ein konjakk. God natt.
Fann ein taxi frå flyplassen og han køyrde meg heilt til kontoret i Dharmapala Mawatha. Der var det mykje kjenstfolk som eg allereie kjenner godt, og nokre
nye andlete som eg kun kjenner frå LYNC og epost. Hyggjeleg var det i alle fall å møte Sri Lankiske kollegaer!
Den fyrste helga var eg så heldig at eg skulle få vere med på 99X Services si "Annual trip" - ein årleg tur der alle er invitert til å ta med seg hustruar og born ei helg på tur. Alle hadde anledning til å vere med, og alle var storfornøgde. Me reiste tidleg tidleg fredag morgon med buss frå kontoret. Målet var Habarana Cinnamon Lodge innover mot midten på øya.
Etter frukost og at dei fleste hadde vakna var det sjølvsagt på høg tid å dra fram ei flaske Jim Beam og cola/sprite/sodavatn. Ei flase vart tømt, og ei til - og Amila fann fram tromma han hadde med.
Eg fekk verkeleg ei innføring i ei mengd med Singhalesiske songar. Arun dro sågar i gang eit par tamilsongar. Og eg - eg kan berre NAtions of the world by Yakko Warner. Så eg tok den..
Etter ein 3-4 timar var me framme på Cinnamon Lodge - eg der lukta det.... Kanel. Naturleg nok. Programmet var langt frå fullpakka så me fekk tid til mykje forskjellig.
Me fekk tilogmed tid til litt Cricket! Ravindu hadde med Cricket-kølla, og også nordmannen fekk prøvd seg. Eg traff ballen og scora ein 6er. (Ikkje spør - eg har ikkje peiling).
No skal det seiast at Dishantha kasta ganske så snille ballar. Rajinda gjorde sitt beste i å prøve å forklare meg reglane. (Eg ser på Cricket på storskjerm på Cheers Pub, og skjønar framleis ikkje bæret.)
Så fekk me ri litt på ein daff elefant! Hyggjeleg og artig sjølvsagt. :) Elefanten fekk også nokre bananar då me var ferdige. Han var svolten ser du!
Maten var særs god! Det byrjar å bli eit par veker sidan så det er ikkje alt eg hugsar, men karane fekk meg til å smake på det aller meste som kjøkenet hadde å by på!
Litt etter litt vert eg noko meir og meir vand til sterk mat, men det brenn ganske bra framleis om eg skal ha i meg all chillien eg får servert til diverse rettar. Men eg har endeleg klart å overty folk om å ikkje
fjerne krydder og spices frå maten min. Eg vil heller brenne litt innvendig enn at maten ikkje smakar noko!
Laurdag var særs hyggjeleg, med sightseeing i Polonnaruwa. Byen er ein "World Heritage Site" og er restane etter byen til den gamle kong Parakramabahu I som levde for 1000 år sidan. Han lagde blant anna ein framifrå diger kunstig innsjø som skulle sikre innbyggjarane reint ferskvatn uansett kor lang turketida måtte vare. Han var kjend for å spare på vatn - kor ein innbyggjar hadde ansvar for å ikkje late ei dråpe regnvatn gå til spille!
Det var særs varmt, og det var faktisk umogleg å vitje eit par heilage plassar, då spasering på glovarme steinheller var umogleg utan sko. (Skoa må av når ein vitjar heilage plassar).
Mest imponerande var nok dei enorme Buddha-statuane der, hogd ut i naturleg stein. Men som gutanse sa - før var dette ein plass for meditasjon og bønn, no er det ein plass for fotografering og kiking.
Etter denne lange og særs særs varme omsyninga var det klart for Elefant-safari i Mineriya National Park. Me vart sett i 3 forskjellige Land Rovers med full utsikt til alle kantar.
Eg hamna i bil med Pramuk og familien, og til to små søte jenter å vere var dei ganske tøffe dei gongene sjåførane byrja å kappkøyre der ute i parken.
Der var haugevis med elefantar, og endeleg fekk eg sjå litt elefantar som levde fritt. Me køyrde ein god stund frå inngangen til parken før me kom ut på nokre åpne savanner med digre innsjøer og skogholt.
Me kom ganske nærme elefantane og fekk sjå både små, store, ho og han, og han oppå ho. Elefantar som slost og elefantar som... did the elephant love... "Did you see the five legged elephant?"
No var det ein spelar på Cricketn på storskjermen som tok Pol. Og alle vart glade. Eg er sanneleg ikkje heilt sikker, men eg trur "the batter" då er ute.
Bilete av elefantar kjem eller har kome! På veg heimatt kjøpte eg elefant i tre. Jaudå.. den fyrste av fleire.
Resten av helga var også særs bra. Me drakk og åt særs godt, og eg hadde også med ei flaske Aalborg Taffelakevitt frå taxfree på Gardermoen. Gutane tykte dette var særs godt, og eg var oppriktig bekymra for vesle Lakal
då han sa han var på tredje runda med akevitt. Men han klarte seg bra han!
Helga etter vart ei passe roleg helg i Colombo. Dinusha ba Stein, Terje og meg ut på nokre øl fredag etter jobb, og det var rett så triveleg! Me
var på In on the Green ved the Galle Face Hotel, og drakk og åt godt. Lankarane drikk ikkje øl slik me drikk øl, det er nokre små skilnader i drikkekultur på det området.
Etter nokre øl skulle alle andre heimatt, men eg var noko tyrst etter meir, så eg tok ein tur til uteplassen R&B. Her var eg den einaste som var så tidleg ute, så eg vart sitjande å prate med bartendaren og dørvakta.
Fekk nokre gode tips til plassar å reise seinare i år! Etter tre runder Gin&Tonic (med lokal Gin, og X2 fordi det var happy hour) fann eg ut at eg ikkje gadd å vente på at fleire skulle koma, så eg reiste på Kasino. Det var artig nok men uheldigvis (heldigvis?) ville ikkje mastercard la meg ta ut pengar til å bli med i eit slag poker. Jaja, får freiste att seinare.
Då vart eg noko snurt så eg reiste heimatt. Heime innan 23. :-)
Den laurdagen vart eg ruslande rundt i Colombo (snarare bortover Galle Road), og kika og shoppa litt. Laurdag kveld åt eg og Terje middag på Ministry of Crabs på the old Dutch Hospital.
Framifrå krabbemiddag - eit must om ein likar krabbe og vitjar Colombo.
Sundag møttest Terje, Stein og eg for litt sightseeing. Me vitja eit og to Buddhist-tempel før me fann fram til øl og mat. Gangaramaya-tempelet kan tilrådast då det er eit av dei største templa i Colombo, og tilogmed har ein eigen elefant!
Etter nokre øl og lunsj bar det heimatt, og ikkje stort meir hende den dagen :)
Det var det for ei oppsummering av dei fyrste tre vekene i Sri Lanka. Det kjem nok ei oppdatering om generelle Colombo-aktivitetar og andre ting, og så vonar eg at oppdateringar på turar og slike ting kjem fortløpande! :) Om du undrast på kva eg gjer av arbeid her nede - send meg ein epost så skal eg sende deg rapportar ;-)
Soba Ratriack frå Kristian Peter.
- comments