Profile
Blog
Photos
Videos
No har vi hatt vår første "ordentlige" søndagstur ut av Auckland, og den gjekk til Waiheke island, sammen med vår svenske venn Adrian. Øya er berre 40 min unna Auckland med båt, så vi pakka niste, regnjakke og bikini, som dei skandinavane vi er, og satte avgårde like etter frokost.
Vi fekk ein nydelig dag med vandring langs sjøkanten, bading og øl-/vinsmaking. Øya er berre 92 km2, men har over 30 vingårdar - mange av dei svært gode! Eit flott avbrekk i den hektiske skulekvardagen, og ein skikkelig fin måte å tilbringe søndagen på! Vi såg langt ifrå heile øya, så det blir nok ein tur tilbake dit om ikkje så lenge! Ingrid og Line fekk ein raud "brunfarge" (a'la hummer), mens Silje faktisk fikk eit snev av (rosa) brunfarge...
Fredag var vi på innflyttingsmiddag hos Christina, ei jente frå California som budde sammen med oss her på Grafton den første tida, men som no har fått seg leilegheit i sentrum. Ein utrulig koselig kveld, med god mat og drikke :)
Vi stortrivast virkelig her i Auckland, både på skulen, internatet, og ellers! Folk er utrulig imøtekommande og veldig lette å bli kjende med! Vi har blitt invitert med på tur heim til familien til han eine som bur på internatet, om 1,5 veke skal vi på biltur til Karekare, folk i klassa tilbyr seg å køyre oss når vi spør kvar ulike stadar er og lærerane oppfordrar oss til å droppe bøkene og reise på helgeturar til ulike stadar. Line er litt misfornøgd med å ha fått 800 myggstikk på ei natt då...
I dag reiste vår kjære venn David vidare, men vi skal holde kontakta på e-post (og han har vil gjerne prøve å holde ei forelesning for oss på HiST ein gong!). Ein utrulig flott fyr, med MASSE kunnskap!
Vi håpar alle har det flott heime! Her går tida utrulig fort, så juli kjem nok før vi er klare til å reise heim....
Line, Ingrid og Silje :)
- comments
Per Magnus Fekk ikkje Silje myggstikk då????!!!! Sjokk:-)
Silje Ja, eg veit!!! Trur nok einaste grunnen var at myggen var innestengt på Line sitt rom.... ;-) (fekk derimot litt vel mange udyrbitt i hagen i forrige veke...)
Karina Line har tydeligvis litt søtere blod;)
Silje Høh! Eg skal love deg at dei elskar meg mest til vanleg - men eg syns berre det er høflig å dele med andre..