Profile
Blog
Photos
Videos
No har vi hatt 3 dagar med skule, og eg trur vi har lært like mykje på den tida som på 2 veker heime! Heftige dagar - undervisning frå 9.00 til 10.30, 30min pause, undervisning frå 11.00 til 13.00, 1t lunsj, og undervisning frå 14.00 til 17.00. Og her varer ikkje PBL'en i over ei veke.. Vi har 2t intens jobbing i grupper, og så framføring for resten av klassa. Lærer mykje då! Lærerane er utruleg flinke, og klarar å formidle det viktige!
På Grafton ("internatet" der vi bur) er det no fullt av studentar frå California. Kjempekjekke folk som inviterar oss på 3 festar om dagen, noko vi dessverre må seie nei til stadig vekk... Og så har vi fått oss ein venn i ein eldre britiskamerikansk antropolog som bur her på Grafton nokon veker kvart år. Kjempeinteressant å snakke med han, for han kan SÅ masse!
Silje (+ Ingrid & Line)
- comments