Profile
Blog
Photos
Videos
Blir ein kort blogg. Skrive på telefon so da går litt seint.
Fint vær ut frå Bergen klokka 11 i dag. Altid litt kjekkare å begjynne å trø når det er fint vær.
Flott tur utover mot Garnes og vidare til Trengereid. Konditor stopp på Trengereid på Hjelle bakeri. Ein merkar det på vegstandard og konditori prisar at ein er komt heim.
Bergen- Hafslo byr på litt utfordringar. Nokon i dag og, men gjekk heilt greit. Blei omveg på oss i dag. Vegarbeid, so me måtte ta av på Tysse og sykle over til Frøland. Bratt og nokso tongt, men fint oppå dar.Elendig skilting, men fant no fram med litt spørjing.
Har vore bankinnbrudd i Samnanger, men me har ingenting med da å gjera.
Naf camping på Kvamskogen et vår plass i dag. Har akkurat laga oss god lapskaus.
I morgo får me prøva og komma oss til Voss.
HA DA BRA
- comments