Profile
Blog
Photos
Videos
HALLO
Skulle prøva og sykla oss so nærma Amsterdam so me orka i dag. Med litt dårligare meldinga neste dag so teinkte me på å få ein kort etappe den dagen. Me kom heilt fram i dag.
Tidligaste me har vore oppe på turen. Ca 06.30 var me oppe, og ca 07.45 var me på sykkelen.
Sykla eit lite stykke før me tok ferja mellom Rozenburg og Maassluis. Norunn sykla so ho var galen når ho såg da låg ei ferja på kaien. Skulle ikkje mista dan nei. Me rakk ho akkurat. 7 min overfart. Omtrent da samma som Mannhiller Fodnes på ein god dag.
Kjempefint og være langs med kanalane i dag og. men blir ein god del lenger hvis ein skal være der heile tida.Etter ei stund i dag fann me oss ein sykkelveg som tok oss meir direkte mot Amsterdam. Kjempefin veg da og. Innom mange flotte byar på vegen. So ei Hollandsk dama sa til oss når me spurte etter vegen : Its always a bike road.
Sikkert mange som har vore på Schipol flyplass. Sikkert ikkje so mange som har sykla forbi dar. Me gjorde da i dag. Fly som letta og landa i eit bankande vekk. Veldig spesielt og artigt og sykla under der kor flya taxa oppå. Dundra godt.
Da finst til ei kvar tid ca 600 000 syklar i Amsterdam. Litt usikker på om dei då har rekna med våre. Her er ein sykkelkultur som er berre heilt fantastisk. Da blir sykla overalt og heile tida. Kunne ha vore slik heima og berre ting blir lagt til rette. Er nok desverre viktigare med svære prestisjeprega bruer. Lat ferjene gå, og oppgrader vegane med sykkelfelt seie me.
Sjekka inn på Hans Brinker hotel i dag. Han Hans var antaglig ikkje heima for da var ei kjekke dama som tok imot oss.
Italinsk resturant om kvelden før me avslutta ein begivenheitsrik dag med ein kanalbåttur på 1 1/2 time.
No er da 2 overnattingar i Amsterdam. Berra sjå på dei andre som sykla rundt i gatene.
ME HAR DA BRA. HA DA BRA.
- comments
eva og nils For en fantastisk reise dere har.... skal lete lenge etter sprekere femtiåringer enn dere...... har dere meldt dere på tour de France?
Norunn/Jarle Hei Eva og Nils..Ja me har ein flotte tur. Har ikkje meldt oss på Tour de France nei. Kjem nok til å følge spent med når dei er innom eit par plassar som me har vore.