Profile
Blog
Photos
Videos
HALLO
Opp til frukost i lag med presten som me trefte på i går. Han skulle nordover langs med kysten. Han inviterte oss til og slå følgje. Me takka høfleg nei. No har me sett oss ut ei ruta som tek oss meir direkte mot heim. Desutan so har me våre mykje ved kysten. Kansje da blir litt på Østkysten av Jylland, eller om me syklar meir midt i. Har ikkje bestemt oss for da endå. Kansje treffe me presten igjen. Han skulle sykla til Trondheim. Skulle over Gaularfjellet og forbi Sogndal stod da på ruta hans. Han fekk adressa og telefonnr so han kan ta kontakt når han fer forbi. Kan no bli ei lita preik på Svalheim.
Begjynte ikkje å sykla ordentlig før klokka 12.00 i dag. Måtte venta til turistinformasjonen skulle opna klokka 11. Måtte få tak i eit nytt sykkelkart. 12 er egentlig litt seint og starta når ein skal 84 km avgarde på tunge føte, men me hadde bestilt overnatting so da slapp me å bekymra oss før da.
Standarden på sykkelvegane i Tyskland er litt meir ymse enn i Holland. I Holland var dei perfekte overalt, og omtrent aldri innom bilveg. Foreløbig i Tyskland so har dei oppmerka rutene gått ein del på bilveg, men vegar med veldig lite trafikk, so da går greit. Fulgte ei ruta i dag som dei kalla for mølleruta. Var mange flotte gamle vindmøller langs med heile denne vegen.
Veldig fin natur me har vore innom i dag og. Når været i tilleg er fint so er alt bra. Meldingane seier at da skal bli fine dagar framover.
Me er komt til Varel i dag. Ein liten by med ca 25 000 innbyggara. Når me kom til byen so sto me i eit kryss og såg på kart for å finna hotellet. Da kom da ein forbi og lurte på om han kunne hjelpa oss. Han sykla med oss i 2 km og viste oss hotellet. Håpa han er prest sa Norunn når han for føre oss ;)Kansje dei ikkje er so værst desse Tyskarane.
Hotel Ammerlander stuben bur me på i dag. Fint hotel og koseleg betjening.Avslutta dagen på ein resturant. Me bestilte berra hovudrett, men dei kom med brød, forrett og desert + ein snaps. Kjempegod service og veldig god mat. Betalte foøvrig berra for hovudretten.
HA IKKJE MEIR Å MELDA ME I DAG. HA DA BRA
- comments