Profile
Blog
Photos
Videos
CA 08.30 FORLET ME HOTELLET VÅRT I LANGENSTRASE I BREMERHAVEN.
Er ei stund sia me kunne sykla med korterma og kortbuksa klokka 09.00 om morgonen. Kjempeheitt i været og fint på sykkelsetet i dag.
Me er akkurat etter planen. Ganske godt gjort egentlig. Me set og planlegg om vinteren, og eit halvt år etterpå er ein akkurat der ein planlagde. Itzehoe heiter plassen.
Over elva Elbe i dag. Ferje frå Wischhafen til Gluckstadt. 25 min overfart. Elbe renn gjennom det meste av Tyskland før ho renn ut i Nordsjøen. Den totale lengda er 1091 km. Småtteri mot da som me sykla ;)
No er båt bestilt frå Hirtshals til Bergen. Den 13 Juni må me prøva og væra på plass i Hirtshals til rett tid. Bør gå veldig bra da. Ser fram til å tilbringa sista veka i utlandet i Danmark. Likar oss svært godt dar. 14 Juni 08.30 klappar me til kai i Bergen. Reknar med at ordførar Trude møter oss på kaien ;)
Blir nokre dagar i Bergen med barn og barnebarn før me tek fatt på dei 4 siste etappane som skal bringa oss heim. Etappane blir mest sansynlig som følger. Bergen - Norheimsund. Norheimsund - Voss. Voss - Vangsnes og Vangsnes - Svalheim.. Blir nok dei tøffaste klatreetappane sidan Spania og sør Frankrike.
ME HAR KOSA OSS SKIKKELIG I SOLA I DAG. 90 KM ETAPPE ER GANSKE SO SPREKT ETTER SO MANGE KILOMETER.. ( skryt ;)
HA DA BRA GODTFOLK. HELS ALLE KJENTE....
- comments
Arne Hei, ja de fortenar godt vêr. Eg vart noko overraska av å lesa at de tenkjer pao å overnatte i Norheimsund. Øystese er staden. Utruleg vakkert. I dag har eg hatt strålande sykkeltur. Skjolden- Sognafjellet til Krossbu og retur Skjolden. Sol og utruleg klar luft. Litt kald Nordavind. Men for ein natur. God tur vidare. Så talast me brått... Truleg vert det Nordkapp- Lindesnes i august i år.