Profile
Blog
Photos
Videos
No har me vore på øya Hainan i noko som kjennes ut som evigheiter (positivt meint). Etter den intensive fartinga rundt om i Kina, så kjennes 5. dagar i ro lenge ut for oss. Idyllen vår slo litt sprekker når me plutselig høyrde at ein tropisk storm/tyfon var på veg mot oss. Det blei telefonsamtaler heim, til Kilroy, til Europeiske, til UD, til Den Norske Ambassaden i Kina og til booking. Mykje styr fram og tilbake, kanselleringer og nye bestillinger osv. Plutselig hadde me brukt ein heil dag og vel så det med å kave fram og tilbake. Det heile endte med at me ikkje kom oss frå øya, og hadde plutselig sjekka ut av hotellet. :s
Men me fekk heldigvis sjekka inn igjen, og venter no på at uværet skal komme. Det er dårlig med nyheiter om tyfonen, så me veit egentlig lite. Men folk rundt oss tar det med knusende ro, så det går nok bra. :)
Dei fem dagene me har vore her har vore avslappende og me har hatt godt vær. Det står regn på værmeldingen, men dei regnbygene som har vore merka me knapt.
Det er litt for store bølger i havet for min smak, men Andrea elska det. Eg har fått øyrene mine fulle av vatn, og håret har vore katastrofe. ;) Takke meg til bassenget.
Me har forresten meir eller mindre både havet og bassenget for oss sjølve på dagtid. Kineserne likar ikkje sola, så dei bader etter at sola har gått ned. Med enkelte unntak sjølvsagt. :)
- comments
Marta Vonar ikkje tyfonen skaper problem for dykk. Kjekk å lesa om alt de opplever
Ingunn Takk for det :) No ser det ut til at stormen roa seg og at me kjem oss til Shanghai i kveld.