Profile
Blog
Photos
Videos
Me var bekymra for den lange flyreisa på 10,5t frå Tokyo til Los Angeles sidan det ikkje gjekk an å få reservere seter. Større blei bekymringa da me fann ut at me satt på forskjellige rader og i midten av ei 5 manns rekke. Eg gjorde det som stod i mi makt for å få bytta seter og det gjekk bra. Me fekk sitte sammen og i utkanten av ei midtrad, og i tillegg var det store seter og god beinplass. Det var luksus å flyge med Singapore Airlines, som hadde mange nye filmar, gode seter og god mat. Me fekk til og med Häagen Datz is til dessert, så eg kan godt flyge langt med dette flyselskapet igjen i alle fall.
Me starta LA opplevelsen vår med å legge oss rett etter ankomst, klokka 17.00. Me var slitne og formen min var skral. Så me holdt senga i 18 timar, før me fann det for godt å stå opp. ;) Så reiste me til 'The Griddle' for å ete "frukost". Dei er kjente for å ha byens beste pannekaker. Gode var dei, men du verden så store dei var. Det var heilt umulig å ete opp. Resten av dagen brukte me på Hollywood Boulevard og i The Grove. Middag og lunsj på Hard Rock Cafe og på Chipotle. :)
Elska å få påfyll av drikke og i tillegg uten å måtte spørje om det eller betale for det. :)
Heile den andre dagen brukte me på Universal studios, og formen min var brukbar men litt skiftendes. Dagens høydare var middag på Buca di Beppo. :)
Tredje dagen reiste me til Santa Monica Beach og til Malibu. Me åt på mellom anna Bubba Gump og på El Compadre med levandes meksikansk musikk.
Me var godt nøgde me dagane våre i LA, og slett ikkje klare til å reise vidare.
- comments