Profile
Blog
Photos
Videos
Hei alle saman.
Her kjemme eitt innlegg om alt det eg opplevde i Nepal. Dette var min andre tur og eg var med ei ny gruppe.
Dag 1:
Eg motte den nye gruppa mi kl 18. Eg maa innromma at eg ikkje gjekk inn i dette med eit open sinn. Eg sakna alt mi gamle gruppe og kunne merke med ein gong at dette ikkje kom til aa bli det same. Me hadde eit kort mote om turen, saa gjekk me aa aat middag i lag. Da fekk eg snakka med dei andre og blei litt betre kjent med dei. Dette var gruppa mi: Clair og Jen (venniner fra England), Kenedy og Julian (ektepar fra Usa), Marina og Borris (ektepar fra Russland), Ethan og Dennis (kameratar fra Canada), Charlott( NZ), Rebecka (England og mi romvenninna paa turen), Laura (Canada), Valeriy (Sveits), Marijan (Nederland) og Oliver (Tyskland). Etter middagen gjekk me tilbake til hotellet og dei fleste gjekk til sengs. Eg derimot reiste tilbake til byen og hadde ein siste kveld saman med Nikki.
Dag 2:
Me reiste fyrst tilbake til apetempelet, der eg hadde vore for. Eg gjekk ikkje inn denne gongen, men slappa av utanfor porten. Etter dette reiste me til ein gamal del av Kathmandu og besokte ein gamal landsby med gamal arkitetktur. Her spaserte me rundt fekk ein kort innforing i korleis folk levde der og korleis dei brukar omraadet no. Dette var ein veldig flott del av Kathmandu. Me hadde ein god lunsj i lag. Ettermiddagen og kvelden var eg saman med gutane mine fraa den andre gruppa. Tre av dei hadde ikkje forlat Kathmandu og me aat ein god middagen saman for me gjekk paa Casino og spelte. Me hadde det utruleg moro, men alle tapte litt peng. Ikkje hadde eg trudd at den rullett-tingen kunne vere saa moro og saa vanskeleg aa forlata...hehe...... Det var tungt aa seie hadet til gutane mine daa kvelden var slutt:(. Eg haapar eg ser dei igjen ein vakker dag:).
Dag 3:
Denne dagen skulle gruppa vidare til Phokra. Eg hadde fortsatt ikkje opna sinnet mitt heilt, men det maatte eg no eller saa kom eg til aa bli eit utskudd i gruppa. Etterkvart som bussturen og dagen gjekk kunne eg sjaa at det var ein del ok folk i gruppa mi. Dei to engelske venninene var morosam og litt barnlege slik som meg, og Borris var ogsaa ein som etterkvart fekk meg til aa le med sin daarlege, men veldig visuelle engelsk:). Daa me kom fram til Phokra berre slappa me av og aat middag i lag. Fjellturen i Himalaya skulle starte neste dag, saa me gjekk tidleg til sengs.
Dag 4:
Tidleg start for dei fleste av oss, men alle var ved godt mot. Me pakka ferdig bagen vaar og gav han til "baeraren" vaar, ein porter. Eg og Rebecka hadde ein i lag. Bortskjemte vestlege turistar som ikkje ein gong kan baera sin eigen baggasje. Nei, det er noko anna naar eg og Marianne gaar tur i den norske fjellheimen :D. Men eg maa innromma at etterkvart var me veldig glad for dette. Etter 1 times busstur var me klar til aa ta fatt paa fotturen vaar i vakre Nepal. Alle vandra me glade og fornogde bortover, og eg kunne lese paa folk sine anlete; "dette blir jo ein lett marsj innover i Himalaya". Der tok dei nok grundig feil:). Etter mykje bortover byrja med eitt oppover, og daa endra anleta seg fort; " aaaaa.....nei!!!". "Er det dette dei neste tre dagane har aa by paa". " Er det for seint aa snu???". Ein kunne no sjaa kven av oss som var i god form. Eg overlet til kvar og ein som les denne bloggen aa tenkje seg til kor Guro var i denne gruppa:p. Etter 5 timar med mykje slit kom me fram til Teahuset me skulle overnatta i. Ei gledeleg overrasking, vil eg seie. Der var det baade kosleg og god mat. Guro var lukkeleg og fornogd med dagen.
Dag 5: Ein tidleg start for alle dei spreke folka med vassblemmer og stive laar. Me aat ein rask frukost for det var "paa an igjen". Me hadde faat melding om at dette var den hardaste dagen, og etterkvart innsaag me at dette var ingen spok. Dagen innheldt mykje opp og ned og opp og ned, og oppover var styggeleg bratt. Men alle var ved godt humor og me kjempa oss framover. Midt paa dagen fekk me ein velfortjent pause i nokre varme kjelder paa ein fjelltopp. Men eg veit ikkje om eg skal kalle det ein belonning eller straff, fordi naar du gaar heile formiddagen i steikande sol og 38+, saa er ikkje akkurat varme kjelder det du ynskjer deg mest:D. Etter lunsj tenkte nok vaergudane at no var det paa tide aa vise desse turistane litt av kva Nepal har i vente om ein maanads tid. Daa startar monsune-tida og det vil regne i to maanadar. Me fekk no baade regn og torden, og blodiglene likar seg godt i den type vaer. Eg slapp heldigvis unda desse koslege skapningane, men nokre av dei andre vart nokre ml fattigare paa blod. Daa me kom kom fram til Teahuset vaart var me kliss klass og slitne, men veldig fornogde med oss sjolv. Me feira denne kvelden med song og musikk rundt baalet, og dei Nepalske gutane viste fram sine kunster:). Til alle mine single venniner vil eg seie: Nepalske menn er ikkje saa vaerst. Dei er pene, kjekke og har rytme i kroppen:D.
Dag 6:
Ein ny dag med mykje gaaing. Det var den siste dagen oppe i fjella. Det var ein varm dag med 43+, men Guro likar mottoet" ut paa tur, aldri sur". Denne dagen fekk me verkeleg oppleva kor utruleg vakkert det er i Nepal. Gron natur med smaa landsbyar i fjellsida. Me slapp unda regnet heile dagen og ingen boldigler i sikte. Det var ikkje ein saa toff dag som dei to andre dagane, men mine vassblemmer plaga meg saa pass mykje at daa me kom fram til Teahuset, var eg overlukkeleg:). Dette var min favorittdag oppe i fjella. Me var endeleg blitt meir som ei gruppe og hadde det utruleg kjekt saman. Eg motte ogsaa desse tre lokale smaajentene som eg leika med og fekk god kontakt med. Den eldste ordna meg paa haaret og dei to andre var overlukkelege berre dei fekk sitte ved sidan av meg. Ein minnerik dag.
Dag 7:
Siste dag med gaaing og det var beina mine veldig glad for. Heile denne formiddagen gjekk me berre nedover. Det kunne kjennast i knea og taerne , og eg maa seia at eg heller vil gaa oppover enn nedover. Det me fekk vita medan me kava oss nedover fjellsida var at det var streik der som me skulle og at bussen vaar ikkje kunne hente oss:(. Dette resulterte i at me maatte gaa fra bunnen av fjellet og inn til byen, Phokra, som i folgje guiden vaar var ein ca 2,5 times tur. Nok ein gong maatte Guro henta fram mottoet "ut paa tur, aldri sur". Det guiden vaar strategisk unnlot aa seie var det at ca 2.5 time i verkelegheita er 5 timar. Dette fortalte han oss i ettertid. Heldigvis var streiken paa uforklarlegvis over etter at me hadde vandra i 2 timar. Bussen vaar kom og alle var overlukkelege. Me kom oss til byen, aat lunsje og kjoyrde vidare til Chitwan, der me skulle overnatta. Vel framme aat me ein god middag og saa stupte dei flesta av oss i seng.
Dag 8:
Junglesafari og Jeepsafari var paa programmet denne dagen. For aa kome oss ut i junglene maatte me fyrst paa ein 30 min kanotur i ei elv med krokodillar i vassoverflata. Guro haapa paa litt action, men krokodillane var late og berre laag der aa sola seg. Ho haapa paa litt action i jungelen ogsaa, men ingen store og farlege dyr ville visa seg for oss. Me saag eit stort og ferskt tigerspor, men ellers saag me berre ein hjort og nokre insekt. Litt kjedeleg, men me fekk litt ekstra trim:). Etter lunsje var det 5 timar med jeepsafari og me haapa igjen paa at nokre av dei store dyra ville vise seg. Tiger stod hogst paa mi ynskjeliste. Men som dei fleste kanskje har lest paa facebook saa var ikkje hellet med meg denne gongen heller:(. 5 timar paa den humpete jeepen for 2 gong utan aa sjaa ein tiger gjorde meg til ei gretten jente. Men me fekk sjaa 3 nasehorn, nokre aper, hjort, paafugl og krokodillar, saa dagen var ikkje heilt bortkasta. Etter ein lang dag var alle slitne, men glade daa me satte oss ved middagsbordet. Me vart underholdt med dans og musikk, og alle var fornogde. Den lukka skulle bli kortvarig. Guiden vaar kunne fortelja at dei nok ein gong streika og det var ikkje sikkert dei ville slippa oss fram paa vegane dagen etter. Dette resulterte i 4 timars sovn og avreise fra Chitwan kl 04.00. Maa innromme at senga heime paa Galden var i mine tankar denne natta:D
Dag 9:
Me kom fram til Kathmandu tidleg paa foremiddagen. Nokre valde aa gaa paa shopping, medan eg valde aa ha litt Guro-tid. Dette var godt og resulterte i ein veldig lat dag fra mi side. Eg sov, las og sjekka internett. Paa kvelden var me ute og aat vaart siste maaltid saman og sa hadet til ca halve gruppa. Resten skulle bli ein ekstra dag.
Dag 10:
Byrja dagen 05.30 med aa ta taxi til flyplassen og gaa ombord paa Everest Expressen. Dette flyet tok oss med naer dei hogaste fjella i Himalaya og me fekk sjaa Mount Everest paa "naert hald". Me hadde ein flott utsikt og ein fin flytur. Resten av dagen gjorde alle det dei ville, men me avtalte aa mottast for middag kl 19.00. Eg og to andre jenter gjekk og fann oss ein kosleg kafe der me aat frukost og reflekterte over turen. Me konkluderte med at me var saers nogde alle tre:). Etterpaa kasta Guro seg i ein taxi og tok turen til ein klesbutikk som heiter FabIndia. Her er det mykje fine indiskinspirerte kler. Ho handla litt:D. Middag me resten av gjengen paa kvelden.
Min siste dag i Nepal brukte eg til aa handle litt meir og berre slappe av. England er mitt neste maal. Gledar meg masse til aa mote alle mine engelske vener igjen og sjaa England.
Det er ikkje lenge for eg er heime no. Gledar meg til aa snart sette mine bein i Noreg igjen.
Klem fraa tante reisande Kvam
- comments
Brynhild Vert heilt overvelda. Det ser ut osm du møte utruleg masse kjekke folk og alt du får oppleva. Det er alt frå hopp frå fly til riding på elefant. Knall fine bilde! Velkommen heim snart, men kosa deg masse siste tiden først! Goe goe klem