Profile
Blog
Photos
Videos
Halloen!!!
Ei lita oppdatering fra England.
Eg forlot Nepal paa sjolvaste nasjonaldagen 17.mai. Eg hadde lenge syns at det var trist aa skulle tilbringe bursdagen vaar paa flyplassar og i fly, men var likevel i godt humor fordi endeleg skulle eg reise til England. Maa innromme at dei siste dagane i Nepal hadde eg tenkt mykje paa England og alle eg skulle mote der.
Reiseruta mi var lagt opp slik at eg skulle fly fra Kathmandu til New Delhi og der skulle eg vente i 9 timar paa flyet mitt heim til Europa. Desse 9 timane saag eg paa med skrekk og gru, men eg hadde bok aa lese, kryssord aa loyse og musikk aa hoyre paa, saa eg var overbevist om at eg skulle overleve.....hehe.....:p. Daa eg landa i New Delhi kom eg i prat med ei veldig kosleg Canadisk jente som ogsaa skulle tilbringa resten av dagen og kvelden paa flyplassen. Me slo oss i lag. Dei 9 timane eg hadde frykta gjekk fort. Me aat middag, saag i butikkar, prata, tok fortbad og massasje, og kosa oss faktisk. Trist aa mote nye folk aa saa maa ein forlata dei, men rundt kl 1 paa natta maatte eg seie hadetbra til Kristin og gaa paa flyet mitt til England.
Flyturen var ok, men nok ein gong kom eg ved siden av eit gamalt ektepar. Dei var koslege dei, men gamle damer har ein tendes til aa bruke meir plass enn sete deira tillet. Menmen, eg saag litt film og sov litt.
Paa flyplassen i England hadde eg avtalt med mamman og pappan til Sam, vennine eg traff paa NZ, at dei skulle hente meg. Og der ved utgangen stod dei med plakat og venta paa meg. Eg var svaert takksam for at dei ville hente meg. Dei var koslege folk og praten gjekk lett. Daa me kom heim til dei fekk eg meg ein dusj og saa gjekk eg og la meg. Det var godt med ei god seng aa sove i. Etter min vetle blund gjekk eg og mammen paa ein liten runde rundt for aa sjaa nabolaget og me tok oss ein tekopp sjolvsagt.
Rundt halv fem kom Sam heim. Det var saa moro aa sjaa ho igjen. Me snakka og lo, og eg folte det som eg nett hadde forlat ho paa NZ. Dei to jentene gjekk til ein av dei lokale pubane og aat middage og kosa seg paa kvelden. Eg var fortsatt trott etter flyturen saa me gjekk tidleg til sengs.
Laurdag var det klart for rundtur i London. Eg var klar for aa vera ein skikkeleg turist. Me var innom mykje av det London kan by paa t.d London Bridge, Buckingham Palace, London Eye og Westminster Anney. Me var ogsaa innom parken som er til minne om prinsesse Diane og fann krigsminnesmerke fra Noreg. Me aat ein god lunsje og kos oss i London heile dagen.
Sundag ordna me med billettar for min vidare reise til Swindon og brukte morgonen til aa styre med kvar vaare ting. Paa formiddagen tok me toget inn til London for aa sjaa kva shoppemoglegheitar eg har naar eg skal tilbake dit og saa gjekk me paa musikal. Sam hadde faatt billettar til "The Wizard Of Oz". Det var heilt utruleg og eg kosa meg slik. Det var mi fyrste sikkelege musikaloppleving og det maa bli fleire. Paa kvelden aat me god sundagsmiddag og spelte Wii.
Mandag maatte Sam paa arbeid, saa da reiste eg og mammaen paa ein shoppingrunde i Croydon. Eg er jo ikkje saa glad i aa shoppe saa det vart ein del pausar med mat og drikke. Resten av dagen slappa me av heime og prata.
Tysdag var det klart for ei utflukt til Brighton, ein kystby ca 1 time fraa Croydon. No var finvaeret komen og det var ein perfekt dag for ei utflukt. Eg og Sam vandra rundt i dei koslege gaten, aat fish and chips, var nede ved stranda og kjente paa vatnet. Me kosa oss med baade sukkerspinn og is. Det var ein roleg og fin dag i det knallfine vaeret. Folte meg baade glad og lukkeleg, men seinare paa kvelden daa eg maatte seie hadet til Sam var eg ikkje saa lukkeleg lenger. Gleda meg masse til aa sjaa andre folk ogsaa, men likar ikkje aa forlate nokon.
Onsdag bar det vidare til Swindon og Chris and Jayne som eg motte paa Fiji.
No er eg her i Swindon og her skal eg vere til tysdag. Eg gjekk akkurat glipp av den olympiske fakkel i gaar:). Den var her i Swindon. Me provde aa jakta paa den, men naadde den ikkje igjen.
Eg haapar alle har det bra heime og saa ser eg dykk snart. Kanskje eg klarar eitt blogginnlegg til, me faar sjaa.
Helsing tante reisande Kvam
- comments
Brynhild Sakna deg, Guro!!!! men SÅ gla for at du kosar deg glugg ihel!