Profile
Blog
Photos
Videos
Hei alle saman.
Daa har Guro endeleg funne seg ei datamaskina ho kunne faa lov til aa bruka. Dei siste to vekene har vore hektiske med mykje reising, mange aktivitetar, seine kveldar og lite tid til seg sjolv I tillegg er dei fleste hotella i India og Nepal veldig gode paa WI-Fi, men veldig daarlege paa aa ha tillgjengelege datamaskiner for sine gjester. Men no kjem ivertfall ei oppdataering fraa meg.
INDIA
Dag 1: Eg blei vekka tidleg paa morgonen av folka paa hotellet som ville at eg skulle skifta rom. Eg pakka i ein fei og blei flytta to rom lenger bort i gangen. Der var det alt ein sekk, saa eg hadde faatt romvennina mi som eg holdt saman med heile turen, Nikki fraa Skottland. Eg kasta meg ut i gatene i Delhi med stor skepsis. Alle gaten var like og alle var overfylte av mennesker og butikkar. KAOS, men etter som foremiddagen gjekk vart eg meir og meir komfortabel. Medan eg handla litt fekk eg meir merksemd enn eg nokon gong har faatt. Baade folka i butikkane og paa gata glodde, peika og kviskra om meg. Kl 3pm hadde gruppa sitt forste mote. Guiden vaar Manu var ung, men viste med ein gong at han var dyktig. Etter at alle formalitetar var paa plass kasta me oss igjen ut i dei kaotiske gaten. Me tok T-bana ned til sentrum. Damene og mennene hadde kvar sine vogner, saa gruppa maatte dele seg. Sjolvsagt vart Guro irritert. Dette er jo kjonnsdiskriminering, tenkte eg. Er ikkje damen gode nok til aa faa vere i same vogn som mennene? Det tok ikkje lang tid for ho matte innromma at ho kanskje hadde vore litt fordommsfull. Dette skille var gjort for at det skulle vere betre for damene. Mennene i India likar aa vere ekstra "kosete" i vognene. Daa me kom til sentrum vandra me rundt og saag paa byen, me var innom Indien Gate som er eit minnemerke for alle soldatane som fall i Afgan krigen. Me hadde ein kosleg fyrste dag saman som vart avslutta med ein veldig god middage. Eg klarte aa finne noko som ikkje brann opp munne min...hehe....
Gruppa mi: Nikki(Skottland), Whai (Canada), Barry og Julie(ektepar fraa Australia), Vicky og Grant( snart ektepar fraa Skottland), Mo (Thailand/Usa), Calvin (Usa), Christina(Usa), Rickhard(England), Dan og Shiv (venner fraa England) og Laura og Gemma(soster fraa England) Guiden vaar var Manu fraa India.
Dag 2: Reiste fraa Delhi til Jaipur. Me tok eit tidleg morgon tog. Manu hadde kjopt billetta paa 1.klasse etter India standard. Me hadde aircon og fekk frukost, men kan ikkje seie at toaletta var 1.klasse.....aesj og fysj. Det var ein kamp paa liv og dod baade aa koma seg inn paa toget og av igjen, men alle i gruppa overlevdeJ. Synet og lukta som motte oss paa togstasjonen i Jaipur er ubeskriveleg. Det var bos overalt. Hundane aat bos medan ein mann sat tog gjorde sitt fornodne, altsaa nr 2. Fraa stasjone til hotellet hadde me ein fin taxitur og hotellet me skulle bu paa var nydeleg. Eg fekk brukt bikinien min for fyrste gong og blei betre kjent med dei andre daa fleire av oss hoppa i bassenget. Paa ettermiddagen tok me turen inn til den gamle delen av byen og saag paa byen sitt palass. Denne gonge var transporten med noko som kallast ein Tucktuck. Det er ein slags motorsykkel med baksete plass til tre, og slik om folk kjoyrer i trafikken i India var det berre aa kryss fingrane og haape paa det beste.
Dag 3: Jaipur. Me brukte formiddagen til aa besoke Amber Palass. Her budde ein av dei rike kongane i India for lenge sidan. Me fekk ein guide tur gjennom fortet og fekk laere om luksusen dei levde i forhold til folket. Paa vegen heim stoppa me for aa sjaa paa kongens sumarpalass. Her var dei ein liten gut som gjorde tryllekunstar for oss. Han var berre 9 aar, men utruleg dyktig. Dette var han sin maate aa tjene litt peng til familien. Me tipsa han godt. Ettermiddagen gjekk med til aa bade, slappe av og ete ein god middag. Paa kvelden reiste me aa fekk massasje. Dette var ei interssant oppleving. ALLE kleda skulle av, saa tok ho paa meg ei slagse gjennomsiktig stringtrusa. Eg skulle ha ein full kroppsmassasje, og eg skal love dykk at det var ein FULL kroppsmassasje og meira til. Alle delane av meg vart massert untatt midt framme. Det var ein veldig god og unik massasje. Etter aa ha faatt kroppen i litt betre stand gjekk me alle paa kino og saag ein ekte Bollywood komedie. Det var ein elendig film og ingen tekst, men det var likevel ei god oppleving. Eg lo masse og kosa meg. Paa kino i India er det heilt greit aa ropa hogt, klapp, plystra og snakka gjennom heile filmenJ.
Dag 4: Jaipur til Agra. Byrja dagen med nok ein lang togtur og denne gonge skulle me faa oppleve korleis det er aa reise litt billigare. Det var igjen ein kamp paa liv og dod, og ein maatte vere toff eller saa kunne du enda opp med aa dele sete med 3 - 4 Indarar. Me overlevde dette ogsaa heldigvis, men eg likar best norske tog. Paa formiddagen besokte me nok eit gamalt fort til ein av dei mange kongane India hadde, Agra Fort. Stort byggverk med mykje historie. Daa varmen tok oss slik i 13 tida reiste me tilbake til hotellet og slappa av. Paa ettermiddagen besokte me Baby Taj som er forgjengaren til Taj Mahal og Black Taj som skulle bli kongen sin gravplass. Black Taj blei aldri bygd ferdig fordi det var for dyrt og sonnen til kongen gav han husarrest slik at han ikkje kunne fullfore det. Me saag ekte Taj Mahal fraa baksida og valde aa utsetta besoket til neste dag,
Dag 5: Tidleg start for aa sjaa Taj Mahal i soloppgangen. Det var ei utruleg oppleving aa vera der og inntrykka vart saa sterke at eg maatte fella ei liti taara. Medan eg gjekk rundt der aa saag, folte eg til tider at eg var ein liten turistattraksjon ogsaa. Det var gutar som tok bileta av meg i skjul, nokon kom bort aa spurte om dei kunne ta bileta av meg, familiar som kasta ungen sin opp i fanget mitt og tok bilete. Det var heilt sprott.
Agra til Orchha. Nok ein lang togtur, men den var komfortabel og grei. Paa denne plassen skulle me bu i telt. Det var store telt med baade toalett og aircon. Me hadde selskap av baade maur og grasshopper. Hotellomraadet var fint med badebasseng og hage. Me brukte ettermiddagen til aa vandre rundt i den vetle byen og var paa kveldssermoni i eit hindutempel.
Dag 6: Dagen skulle me ha i Orchha. Eg stod tidleg opp og tok meg ein spasertur aleine. Eg gjekk ned for elva i byen og der hadde folk og dyr sitt morgonbad, nokon vaska klede og nokon gjorde sitt fornodne. Seinare paa formiddagen gjekk eg saman med det australske ekteparet inn til markedet, men det var for masete og varm til at me orka aa bli. Me gjekk heim til hotellet etter 30 min. Der aat me lunsj saman og eg tok meg eit bad. Denne kvelden skulle me reise vidare til Varanasi. Me skulle ta eit nattog. Alle var veldig spent paa korleis dette skulle gaa. Me fekk kvar vaar seng, tre i hogden, laken og pute. Dette gjekk overraskande bra og eg sov nesten heile turen. Uheldigvis maatte eg paa do om morgonen, og det ikkje noko gledeleg besokL.
Dag 7: Varanasi. Igjen skulle me bu paa eit veldig fint hotell. Her var det kosleg og god mat. Denne dagen gjorde me ikkje saa mykje for ut paa ettermiddagen. Daa tok me sykkeltaxi til byen og vandra litt rundt for me gjekk ned til Ganges. Her skulle me faa delta paa ein blomsterseremoni som forgaar kvar kveld paa elva. Me saag paa solnedgangen fraa baaten vaar og var med paa seremonien med blomar og song. Det var ei veldig fin oppleving. Me gjekk tideleg til sengs fordi me skulle opp aa sjaa paa soloppgangen paa Ganges dagen etter.
Dag 8: Varanasi. Me stod tidleg opp for aa sjaa soloppgangen paa Ganges. Me hadde vaar eigen musikar med oss ut. Det var ein fin maate aa starte dagen paa. Etter dette var det tid for frukost. Eg sovna paa bordet medan eg venta paa maten. Jentene bestemt seg for at dei ville tilbringa formiddagen paa ein silkefabrikk. Fyrst fekk me sjaa korleis ting blei laga og etterpaa vart me invitert med inn i huset hans for aa handla. Eg kjopte to skjerf og fann ut at eg er dyktig paa prutingJ. Gutane var ute aa handla i byen. Ettermiddagen brukte me paa aa slappe av og gjere oss klar til kveldens middag. Guro sminka seg for fyrste gong paa turen. Me skulle ete paa Radisson hotell i ein luksus restaurant. Me vart behandla som kongar og hadde ein straalande kveld saman. Paa vegen heim sneik me oss inn paa ein fest. Her dansa me med 20 ville Indiske menn. Trotte turfolk som gjekk og la seg.
Dag 9: Varanasi til Lumbini. Me stod tidleg opp fordi me hadde ein lang busstur framfor oss. Heile dagen gjekk med til kjoyring og kome seg over grensa. Alt gjekk fint ved grenseovergangen og me vart stempla ut fraa India og inn i Nepal. Me merka med ein gong me kryssa grensa at det var ein annan atmosfaere i Nepal. Trafikken var rolegare, folk var ikkje saa paagaande og det var ikkje saa heitt. Kvelden gjekk med til aa eta middage og prate.
Dag 10: Lumbini til Chitwan Nasjonalpark. Me satte oss i bussen for enda ein lang busstur. Paa vegen stoppa me og besokte Buddha sin fodestad. Denne plasse gave meg ein indre ro og eg foler kanskje at eg har ein liten Buddhist inne i megJ. Me stoppa ogsaa for lunsj paa vegen. Det vart fort fullt rundt alle borda saa eg og Shiv enda opp paa golvet. Me kosa oss der nede berre oss to med god mat og ein intressant samtale. Framme i Chitwan kosa me oss saman resten av kvelden utan noko planlagte aktivitetar.
Dag 11: Chitwan. Dagen starta med ein lang sfaritur inn i jungelen. Paa ein humpande Jeep fekk rumpa gjennomgaa. Me haapte at me skulle faa sjaa tigra, men dei ville ikkje dukka opp. Men i staden saag me nasehorn, aper, krokodillar, fuglar og slangar. Det var ein fin tur, men veldig lang. Daa me kom tilbake bestemte fleire av oss at me ville bade med elefantane som var der. Eg og Nikki fekk ein elefant som me reid paa ned til elva. Der vart me kasta uti av elefanten og han la seg paa rygg og ville bli vaska og kosa med. Det var heilt uvirkeleg aa bada saman med dei store dyra. Eg svalgte vann fraa elva ved eit uhell, som resulterte i litt daarleg mage paa kvelden. Eg maatte ringe heim til Anna og Andreas og fortelje dette. Det var saa kosleg aa hoyre stemmene deira og eg kjente paa meg at eg sakna alle heime. Paa ettermiddagen hadde nokre av oss ein liten fotballkamp i regenet. Mitt lag vann sjolvsagt. Me aat ein god middage og hadde nokre selskapsleikar.
Dag 12: Chitwan til Pokhara. Lang busstur igjen. Me kom fram ut paa ettermiddagen og resten av dagen og kvelden brukte me paa aa kose oss, handle, ete og slappe av.
Dag 13: Pokhara. Dagen starta tideleg med soloppgang paa ein fjelltopp og 2 timars gaatur. Ikkje alle ville gaa ned igjen saa nokre tok busse. Eg gjekkJ. Dagens hovudaktivitet var noko som mamma Kvam ikkje ville satt pris paa. Eg berre haapar ho ikkje laaser meg inne naar eg kjem heimJ. Me var oppe i henggleidarar....hihi...... Det var heilt utruleg. Det triste var at me ikkje fekk bli i lufta saa lenge pga daarleg vaer og min mann gloymte aa ta video og bileter av meg. Det kjekke var at me gjorde akrobatikk i lufta. Det var ein slik utruleg folelese. Tidleg i seng denne kvelden.
Dag 14: Pokhara til Kathmandu. Siste buss tur i lag. Det var trist, men me hadde det kjekt paa turen. Stoppa for aa ete lunsj og besokte eit apetempel. Daa me var framkomen var det fritt fram aa handle eller berre slappe av. Eg og Christina bestemte oss for aa vandre litt rundt. Paa eit gatehjorne saag eg nokre gutar som brukte teikn. Eg ville gjerne gaa bort til dei, men torde ikkje. Etter aa ha sett paa dei ei stund gjekk Christina bort og peika paa meg og daa maatte eg jo gaa bort. Det var veldig kjekt og me snakka saman ei stund. Dei fortalde meg kor dei ofte mottes og inviterte meg til aa kome igjen aa sei hei ein annar dag. Det trur eg at eg vil gjere. Veldig kjekt aa kunne kommunisere med dove fra andre lang. Vaar siste felles middag som gruppe paa kvelden. Det var rart og vedmodigt. Me hadde ein straalande kveld og fekk hedra vaar fabelaktige guide litt.
Dag 15: Kathmandu. Siste formiddage saman som gruppe. Nokre av oss ville gjerne tae in flytur for aa sjaa Himmalaya og Everest, men det var for daarleg vear. Alle aat frukost saman og saa maatte me seie hade bra til ein del av dei. Guro maatte felle nokre taarer. Heldigvis var det fleire av oss som ikkje reiste vidare for dagen etter saa me hadde ein fin kveld saman med middag og kos.
Saa i dag skal eg vidare til mi neste gruppe og det kvir eg meg til. Eg haapar berre at eg vil kose meg like mykje med den nye gruppa mi og den nye turen.
Saa til slutt ein liten oppsummering:
India var eit sjokk for meg, men i lopet av turen har eg forelska meg i landet. Aa faa sjaa Taj Mahal var det store hogdepunktet. Til tross for lukt, daarlege toalett, paagaande mennesker og varmen er dette eit land eg vil reise tilbake til aa sjaa meir av.
Saa langt har hogdepunkta i Nepal vore bade meg elefantar og henggleiding. Nepal er eit utruleg vakkert land og menneska her er flotte.
Gruppa mi har vore fantastisk og eg har kosa meg i lag med dei heile turen. Eg kunne ikkje onskt meg nokre betre nye vener.
Saa eg vil seie at Guro er glad, lukkeleg og tilfreds. Eg saknar alle heime, men eg vil ikkje heim til dykk enda
Klem til alle
Helsing tante reisande Kvam
- comments
Anne Britt Flott at du endeleg fekk låna ei datamaskin, så me får høyra korleis du har det, og at du har det bra! Kjekt å lesa kva du opplever, dette blir minner for livet. Kos deg vidare!
maren Å, så gøy å lese!! Du er så heldig. Kos deg masse videre, men vær forsiktig og!!
Elin Kjekt å lesa om alt du opplever!! Du er heldig altså :)
Anita Så utolig kjekt å lese hvordan du har hatt og har det Guro! Kan jo virke som du har blitt rene turistatraksjonen selv!!! Forstår godt at de vil ta bilde av deg jeg da! ;-D Er ett par opplevelser jeg virkelig misunner deg, bade med elefanter sukk, hangglider dobbelsukk! Men superunner deg alle opplvevelsene Guro, håper den nye gruppa di blir like bra som den første, og at du finner venner for livet også der! Kos deg videre kjære tante reisende Kvam!!! Klem fra ei som savner deg ;-D
Leidulf og Lillian. Dette var flott og godt nytt,vi gler oss på dine vegne,kos deg alt du kan
Vivian Hei! Flott at du har det bra! Me saknar deg. Skal feire 17 mai i Bergen, og då skal me tenkje ekstra på deg. Skal helse frå alle her. Vivian
Vivian Kvam hei! Dette er Anna som sender deg ein helsing. Me er i Bergen og feirar 17 mai. Andreas er sjuk, så eg og pappa har vore med Amund på skulen hans. Mamma og Andreas har slappa av på hotellrommet. Når eg ser bileter av deg savnar eg deg masse "tante pip" Me kosar oss her, eg har fin bunad på meg som er Sara sin, og nye sko. Eg spelte turnering sist søndag og me vann alle kampane og eg laga mykje mål. Helsing Anna