Profile
Blog
Photos
Videos
Hei alle saman!!
Ja, da er eg komen meg bort til India og er flink jente og lagar mitt fyrste blogginnlegg.
Etter ei sovlaus natt av tante og onkel paa Hamar, satte eg meg paa toget til Gardermoen. Her gjekk alt som det skulle baade med innsjekk og flyavgangen. Fyrst satte eg meg paa flyet som skulle ta meg til London. I London hadde eg 9 timares ventetid, men det gjekk heilt fint. Eg fekk lada alt elektronisk utstyr, gjekk litt rundt paa vindaugehandling, aat, las, loyste kryssord og broderte litt. Eg var veldig redd for at eg ikkje skulle koma meg dit flyet gjekk i fraa fordi flyplassen i London er saa pass stor at ein maa ta undregrunnsbana for aa koma seg til andre terminlar. Men som alltid bekymra Guro seg utan grunn. Alt gjekk knirkefritt og eg kom meg paa flyet. Her vart eg sittande saman med ein veldig hyggeleg og kjekk indisk mann. Han bur eigentleg i USA, men var paa veg heim for aa besoke familien sin. Flyet var ikkje fullbooka saa det kom ingen tredjeperson og satte seg med oss. Det gjorde at me hadde god plass heile vegen. Me snakka mykje saman og han gav meg baade tips og litt meir kunnskap om dette "skummle" landet eg skal opphalde eg i dei neste 15 dagane. Eg saag ogsaa paa film for aa fa tida til aa gaa. Denne snille indiske mannen gav meg god stotte da me ankom flyplassen ogsaa. Han guide meg til dei rette plassane og da var Guro kjempe fornogd. Til min store lykke kom ogsaa bagasjen min fram og dei som skulle hente meg paa flyplassen var der ogsaa. Saa heile turen fra Noreg og til hotellet mitt her i India har gaatt mykje betre enn eg kunne venta. Det er jo ikkje noko farleg aa vera ute i verda aleine ( mamma Kvam, slutt aa bekymre deg slik). Litt redd i trafikken var eg fraa flyplassen og til hotellet, men slikt maa ein visst vente seg her borte.
Etter ei sovnlaus natt baade hja han onkel og paa flyet, var eg dauandes trott da eg kom fram til hotellet mitt, saa eg gjekk rett opp paa rommet og sov i 6 timar. Det gjorde utruleg godt og eg var da klar til aa kaste meg ut i gatene paa jakt etter pengar, vatn og brus. Maa innromme at eg ikkje hadde mot til aa gaa saa langt, men eg fekk tak i det eg ville. Etter aa ha avvist ei dame med ein baby paa armen og vore innblanda to nesten paakjoyringar, var eg trygt tilbake paa hotellrommet.
Hotellrommet er faktisk betre her enn eg forventa saa eg haapar eg skal faa meg ei god natt sovn. I morgon skal eg mote gruppa mi som eg skal reise saman med og det gledare eg meg til. For sjolv om Guro likar aa farte litt rundt aleine saa foler ho at her i India vil det vere godt aa kunne vere saman med andre og oppleve dette fargerike landet saman med nokon.
Daa faar det berre venta i spaning paa mitt neste innlegg. Eg vil ikkje love noko naar det gjeld tidspunkt, men eg skal prove aa finne eit hove om ikkje saa lenge. Da vil det forhaapentlegvis vere med nokre bileter ogsaa.
Helsing tante reisande Kvam
- comments
Marianne Jei! Innlegg allereie! So bra! Flott å høyra at du er framkommen i god behold. Dette blir nok eit kjempeopphold. Eg er ein smule sjalu her eg sit og rettar prøvar! Stor klem
Anita Så fantastisk godt å høre at alt er vel så lang Guro! Flott at du møtte en snill inder som kunne hjelpe deg litt! Tenkt masse på deg, så godt du er fremme!!! Nå må du nyte med alle sansene du har, og bare nyte turen max! Gleder meg til å høre med fra deg!! Stor klem fra meg!!!
anne sofie sjøli Så fint at de går bra med deg "Guromor "du er tøff ,passa godt på deg sjølv :-)tante er glad i deg veit du :-)
Anja Renate Fint å høyre at du er vel framme:)No mao du kosa deg masse:) Klem frao oss to pao Hestnes 57:)
Brynhild Stas! Du er vell framme og har masse i møte, vetle tøffingen!Digga deg! Ein dag skal eg bli lika tøffe som deg! Kosa deg masse vidare i India. Vert spennande og høyra om kva du kjem til å oppleva etterkvart. Ta vare på deg sjølv!Goe klem
Leidulf og Lillian. Flott Guro.god start både på turen og tilbakemeldingan til oss heime.Ynslkker deg alt godt på turen.Nyt den.
Mini Bra at vide at du er kommet sikkert frem. Du ringer bare hvis du trænger noget eller nogen. Så kommer jeg og henter dig ;-)))))) . glæder mig til næste indslag. klem her fra.
Elin Godt å høyre at turen gjekk knirkefritt :) Tykkjer du er steintøff eg. Gledar meg til å høyre meir frå reisa di :) Stor klem fra meg :)
Maren Liker!
Leidulf og Lillian. Me ventar på meir.