Profile
Blog
Photos
Videos
Saa kom vi til Krabi. Dette var ein lang dag med reise. Foerst minibus, saa baat, saa buss, saa minibuss og endaa ein minibuss. Daa var vi endelig framme i Ao Nang, Krabi. Deilig aa endelig vere framme for aa stabilisere kroppstemperaturen og faa i seg sitt foerste maaltid den dagen. Bungalowen er den finaste vi har hatt til no, og i tillegg ligg den ganske sentralt. For aa komme til stranda maa vi gaa i 10 min, men med fullt opp med aktivitetar her i Ao Nang har ikkje vi tilbrakt like mykje tid paa stranda her som der vi har vore foer. Foerste kvelden var vi litt paa stranda, aat middag og la oss tidleg.
Dagen etter, 15. feb. var vi med paa kajakk padling. Kristin var foerst oppe av senga og gjekk inn paa badet. Plutselig kjem ho ut at, og seie "vi har faatt ein liten venn i do". Daa hadde altsaa ei stakkar lita mus klart aa havne opp toalettet, og streva med alle krefter for aa ikkje drukne. Vi sjoente fort at det maatte bli vaar oppgave aa redde den. Kristin, dyrevennleg som ho er, toemte heile den nye og fulle pringles chipsen sin for aa bruke boksen til aa redde vaar lille musevenn. Vi saag haapet i auga paa musa med ein gang ho fekk sjaa redninga. Ho kraup haapfull oppi, og vi sette ho heltemodig fri. Paa grunn av denne uforutsette hendinga rakk vi nesten ikkje frukost foer vi vart henta for kajakkpadlinga. Vi vart litt skeptiske i begynnelsen naar det foerste vi ser er ein skapning som lignar paa ein blanding av ei oegle og ei minikrokodille, men turen viste seg aa vere veldig artig! Vi hadde ei veldig artig og hyperaktiv guide, Koko, som seinare inviterte oss med paa Hippie bar seinare paa kvelden. Paa kajakk turen fekk vi sett baade dansande fuglar og fiskar som kunne gaa. Vi gjekk og nn i grotter der det har budd folk for 3000 aar sidan. Det var tegningar som dei har laga paa den tida paa veggane inne i grottene, veldig spesielt. Daa vi kom tilbake til Ao Nang tilbrakte vi litt tid paa standa, og litt i butikkar, der sejlarane er utruleg innpaaslitne og masete. Dei er etter deg uansett kor du gaar, noko som gjer at ein automatisk blir litt frekk. Vi proevde aa leve litt engelsk med aa gaa paa baade subway og starbucks, med veteranane som har tilbrakt et aar i england kunne kjenne forskjellen fra originalen. daa vi kom tilbake i bungalowen der kristin igjen er paa badet, hoeyrer vi "ooaaeehh!" No er det ei firfirsle i taket paa badet (dei er forresten overalt ute!). 2 min seinare daa Monica skal finne kle i sekken sin, kjem det ein kravlande ut fra under sekken. Dette var altsaa ein dyrerik dag, i tillegg til at vi og saag ein elefant midt paa gata same dagen (?). Om kvelden sjekka vi ut ein bar som vi hadde blitt overtalt til aa besoeke daa vi var paa stranda av ein som paastod han eigde baren. Daa vi kom var det 3 gjestar i tillegg til dei 5 som faktisk eigde baren. i tillegg viste dei seg aa vere berusa paa baade litt av kvart. Daa ikkje dette svarte til forventningane maatte vi sjoelvsagt ta turen til Hippie bar! Her fann vi sjoelvsagt Koko og broedrene hans, der eine broren, Rick, viste seg aa vere guide for det vi skulle vere med paa dagen etter. Vi hadde ein kjekk kveld paa Hippie bar og lova aa komme att kvelden etter for aa sjaa flammeshow, i tillegg til at det skulle vere band.
Opplegget for dagen etter, 16. februar var oeyhopping der vi besoekte fire oeyr, med Rick som guide. Dette var ogsaa veldig kjekt. Vi fekk snorkle med mange fine, fargerike, smaa fiskar. Det var veldig kjekt, bortsett fraa at nokon av dei beit oss. Vi proevde og aa ta bilde/filme, med haap om litt bedre kvalitet neste gang. Vi besoekte krittkvite strender med krystallklart vatn, NYDELIG. Etter ein varm dag valgte vi straks ein kjoelig pizza restaurant daa vi kom tilbake, etterfulgt av brownies og milkshake paa starbucks.
Siste dagen i Krabi besoekte vi Koh PhiPhi oeyene. Denne dagen cruisa vi rundt i ein fancy baat, og hoegdepunktet var sjoelvsagt aa besoeke Maya Bay, der the Beach blei spelt inn. For eit paradis! Kristin hadde lett flytta dit! Vi fekk snorkle fleire gonger ogsaa denne dagen, den kjekkaste aktivitet!
- comments