Profile
Blog
Photos
Videos
Vi nyte livet paa stranda kvar dag! Fargen kjem gradvis, og vi e ikkje lenger dei bleikaste! wihuu :D Soendag reiste vi fra Koh Tao til Koh Phangan. Foerste dagen la vi oss sjoelvsagt paa stranda, aat herlig middag og reiste inn til sentrum for aa handle endaa litt meir. Vi planla aa bruke mandagen paa safari. Dette vart ein kjempe kjekk dag. Saman med ei gruppe med andre back-packera reiste vi i baat rundt om paa oyea. Det foerste vi var med paa var aa snorkle, noko vi alle tre var litt usikre paa kor bra vi kom til aa mestre. Dette viste seg aa vere veldig lett og utrulig kjekt, garantert noko vi vil proeve igjen, neste gang paa oeya Koh phiphi!:D Deretter koeyrte vi til ei flott strand (ei av maaange) der vi fekk ein veldig god middag. Noko av det som oeydela inntrykket litt var toaletta som var nede paa golvet, der det var veldig skittent. I tillegg var det sjoelvsagt ikkje dopapir og heller ingen vask, og daa ikkje saape heller. Derfor fekk vi berre vaske oss i sjoen! Vi gjekk ein 1 km lang tur opp til eit fossefall, der alle meir eller mindre kasta seg ut i vatnet foer dei fekk av seg kleda for aa normalisere kroppstemperaturen. Til slutt venta det vi alle tre hadde sett veldig fram til: elefanttrekking. Det var veldig morosamt og litt skummelt, spesielt naar elefant-styraren hoppa av elefanten og elefanten fann sin eigen vei aa gaa. Kristin fekk til aa med sitte paa hovet til elefanten! Elefantstyraren elska aa ta bilde med kamera vaare, og slutta aldri. Daa vi kom heim var vi ganske utslitt og la oss ganske tidlig. Neste dag venta tross alt full moon party! Sjoelv om partyet varte fra 12 til samme tidspunkt neste dag, moette vi ikkje opp foer i 6-7 tida om kvelden. Det foerste som moette oss var lange rekker med bord fyllt med smaa spann som var fyllt med ulike saker som kunne miksast til drinkar. Muskken dundra, og stranda var proppa full med turistar fraa alle delar av verden. Det var fyrverkeri, flammeshow og mange alkoholiserte kroppar fulle av liv. Det var utrulig kjekt, moette mange nye folk. Spesiell interesse fekk vi for to kara fra Holland: Camiel og Timo. Vi var ikkje tidlig heime igjen, saa dagen derpaa foerte oss igjen rett til stranda der vi igjen lata oss og bada masse. No er vi i sentrum og skal straks av aa ete nok ein god middag her i Haadrin. I morgon reiser vi ti ei ny oey her i Thailand: Koh Samui, der vi skal vere i 3 netter. Vi gledar oss!
- comments