Profile
Blog
Photos
Videos
Rio de Janeiro dancing all the night!
Etter aa ha reist med 3 fly og over to netter og ein dag, var me endeleg framme i vaart siste land paa denne vakre ferd. Sidan vi ikkje klarte aa finne sjaafoeren vaar, tok vi taxi til heimen vaar for dei neste dagane: El Misti Hostel, Copacabana. Heldigvis for oss var vi dei foerste paa den trange nimanns-dormen med triple etasjesenger, slik at me kunne velje senger foerst. Vis ikkje ville vi faatt litt av ei utfordring, slike firemaanaders backpackerkroppa e nemleg ikkje laga for slik klatring. De skulle berre visst! Etter to netter delvis utan soevn hadde vi litt aa ta igjen, og som vanleg gjekk foeste dagen i ny by med til aa sove. Ut paa kvelden gjekk vi ut for aa faa oss litt pizza og eit glimt at den kjente stranda, som er veldig flott! Allerede fra taxien til hostellet fekk vi auge paa Jesus-statuen, og neste dag var vi fulle av iver etter aa beoekte dette underverket. Faktisk saa var vi saa ivrige at vi ikkje la merke til all skodda denne dagen. Paa vegen opp fekk vi privatsjaafoer, og fekk ogsaa stoppe paa to andre utsiktspunkt der det var veldig fint. Derfra hadde ein og god utsikt mot jesus-statuen, som var forsvunne bak skodda. Daa vi kom opp kunne vi ikkje eingang sjaa sjoelve statuen daa vi stod tett ved, og utsikta var ganske kvit! Vi bestemte oss for at denne turen maa vi ta igjen paa ein litt finare dag! Resten av dagen gjekk vi litt i ei handlegate foer vi aat god middag paa ein restaurant ved stranda med sterke drinkar til. Her spara dei ikkje paa alkoholen! Dagen etter ville vi komme oss til eit av dei mange turistkontora paa Copacabana. Dette viste seg aa vere ganske mykje vanskeligare enn me hadde trudd. Foerst ein taxi som ikkje sjoente ka vi sa, og etter aa ha spurt fem folk klarte han aa finne fram til adressa der det faktisk ikkje eingang var eit turistkontor. I tillegg til at denne mannen kjoerte skummelt fort i trange gater maatte vi betale 90 kr for dette! Neste taxi sjaafoer var ikkje mykje betre i engelsk han heller, men han skjoente ka vi ville. Han tok oss med til eit turistkontor, men det var steng. Daa viste han ikkje betre enn aa berre sette oss av ved eit tilfeldig hotell og haape paa at dei kunne hjelpe oss. Dei slengte nokre brosjyrer i tryne paa oss og sa at vi skulle ta ein titt i dei. Lettare uvitne og forvirra satt vi oss i taxien som tok oss tilbake til hostellet. Pez, heile dagen var gaatt vekk i baksete paa ein taxi!
Vi har hoert at eit besoek i Rio ikkje er fullstendig foer ein har besoekt ein favela (slumomraadet). Vi meldte oss paa ein dagstur med guide, for de var visst ingen god ide aa gaa hit aaleine. Sammen med ca 15 andre slengte vi oss i ein minibuss og suste av gaarde. Daa vi kom fram var neste framkomstmiddel motorsykkel! Ingen hjelm og ekspressfart opp dei bratte, svingete bakkane. Vi kom fram, sjoelv om paa vegen blei vi nesten paakjoert av ein buss. Det var ein veldig interessant tur og vi fekk sjaa korleis dei budde, kor dei gjekk paa skule og ein av dei mange matbutikkane deira. Der kunne vi og faa kjoepe mat som dei hadde laga sjoelv om vi ville. Men pystete som vi var og med ein smule angst for aa bli matforgifta takka vi fint nei, sjoelv om det saag ganske fristande ut.
No sitt vi aa venta paa vaar neste guide, idag skal vi utforske byen og bl.a. ta ein ny titt paa Jesus og utsikta deriifraa. Varet er kjempe flott idag!
I motsetning til forrige gang saag vi faktisk jesus-statuen denne gangen! Utsikten var kjempe flott, Rio er ein veldig fin by. Etter vi hadde sagt hade til Jesus for siste gang for denne gang, katedralen, der karnevalparaden e og til slutt Sukkertoppen. Utsikten fraa Sukkertoppen var og utrulig fin! Me skulle sjaa solnedgangen derfraa, men var litt forseine. Me skulle hatt litt betre tid der, men maatte reise fordi to jenter fraa sogn skulle naa eit fly til Manaus, som dei var saa lure aa ikkje sjekka naar gjekk. Sjoelvsagt rakk vi flyet i god tid og kom i seng paa hotellet klokka 05.30, daa det var ein time til vi skulle staa opp att, klare for jungelmoro! Vi blir henta av Shannon som har arrangert heile opplegget for oss, og faar helse paa guiden vaar som virkar som aa vere paa alder med oss. Vi er klare for avreise og faar daa vite at vi skal sove ute i Amazonas eine natta. Dei lure sognejentene blir delvis bleike og foeler seg ikkje saa lure lenger mens dei sett seg inni bilen. Gruppa vaar bestod av 5 andre i tillegg til oss. Sjoelvsagt var dei 3 ching chongar, jananarar blant dei. Han eine var full i tatoveringar, blant anna ein nazitegn paa ryggen, i tillegg til svaere hol i hoeyra og i naseveggen! Dei to andre i gruppa var to soeksen fra Columbia som oppfoerte seg meir som dei var paa like-foer-ein-blir-kjaerestar-stadiet. Jungelen var veldig artig! Det skumlaste var definitivt aa gaa paa do ute! Ellers fekk me halde ein liten aligator og eit dovendyr, fiske piraya, smake mange gode frukter (deriblant tampongfrukten), leike tarzan og indianar, aat kryp og noetter, jakta paa tarantellar, bade for dei som ikkje var redde for aa faa smaa fiskar inn i kroppen (vi var dei redde) og sist men ikkje minst: spraye oss me myggspray! takk vaere malariapillane er vi til dags dato ganske friske og oppegaande (med unntak av smaa bivirkningar). Myggsprayen som vi spruta paa oss lagvis hjalp visst ikkje like bra som den burde. Daa vi vaakna opp etter aa ha sove ute var det noken som hadde utnytta vaar sovande tilstand for aa smake nordisk blod. Baade bak og framme var lettare (sterkt!) flekkete, hovent og roedt! Heldigvis er det allerede begynt aa gaa vekk ganske bra. Paa den lange turen tilbake til hotellet var det kun ein tanke som satt i hove paa oss: DUSJE! Etter aa ha faatt noekkelen til rommet og kjem inn paa eit rom med 4 senger hiv me oss i dusjen ein etter ein. Saapa som skulle vere kvit var sterkt missfarga av solkrem, myggspray, svette og skit! Trur vi aldri har foelt oss saa reine. Det vart tidleg kveld, utslitne etter aa ha leikt jungeldronninger i to doegn. Klokka var nok berre 10 daa vi kraup til sengs, og vokna ikkje foer 10 neste morgon.
Vi hadde ein dag til raadigheit i Manaus og dette var eigentleg nok. Det var varmt, klamt, mykje mas paa markeda og vanskeleg aa komme seg fram. I tillegg saag ikkje eteplassane serleg fristande ut. Etter aa ha kjoept noko dilldall paa marked, tok vi taxi til flyplassen for aa tilbringe nok ei natt paa fly foer vi kom tilbake til storbyen. Her har vi vert paa meir marked og skjekka ut dei fleste shoppingsentera som eigentleg er ganske skuff. I dag har me vore paa fotballkamp paa Maracana stadion, sidan vi av alle har mest peiling paa fotball. Det var veldig kjekt og skikkeleg god stemning, ein fotballkamp har aldri gaatt saa fort foer. Laget "vaart", "Fluminense" vann sjoelvsagt! Det mest underholdande med fotballkampar er definitivt aa sjaa kor sinte, evt. glade folk blir ! I maaro blir det ein tur paa turistkontoret for aa planlegge ferda vaar vidare. I tillegg har vi sett av litt kvalitetstid paa standa etter gammalt. :)
Ganske desperate etter aa bli brune har vi tilbragt fleire daga paa Copacabana Beach! Temperaturen er herlig, boelgene enorme, bikiniane i minste laget, selgarar i meste laget og solbrune kroppar som staar i evighetar berre for aa vise seg fram (heilt ok egentlig..).
Etter nesten to veker i Brasil fann me ut at det var paa tide aa proeve utelivet. Me meldte oss paa ein pubcrawl. Det var oss og 7 menn. No skulle det festast paa brasiliansk vis, og det heile begynte med at vi blei fora med shottar fraa ei flaske paa rad og rekke. Deretter tok dei bilde og sa at dette maatte me vise til foreldra vaare for aa vise kor fint me oppfoerte oss -noko me gjer heile tida egentlig! neste stopp var ein Irsk pub som ikkje var serlig irsk. Vi bestile oel, og gutane drinkar.. uvant for oss, men dei tok da med stil og beskylte oss for aa drikke jentedrikke. Her blei det berre tid til ein oel foer vi gjekk vidare til neste og siste stopp: nattklubben "Melt". Her var det god stemning, dundrande musikk og caipirinha (nasjonaldrikken som bestaar av vodka, ei spiseskei sukker og litt lime). Her moette me mange interessante menneske - baade paa godt og vondt! Det var ein bra kveld og troette og slitne kom vi oss i seng klokka 7 om morgonen -ekte brasiliansk stil!
Etter ein ganske slapp torsdag kom fredag der vi paa nytt ville teste utelivet. Vi drog tilbake til den same irske puben etterfulgt av "Melt". Ikkje like stor suksess som sist gang, men god stemning var det, trass i hoeg musikk, nesten frastjelt veska og litt mykje caipirinha for enkelte. Det vart kveldsmat paa McDonalds og litt tidligare i seng denne kvelden.
17. MAI er vi saa glad i!! (spesielt i Rio)
Vi feira 17. Mai sammen med ca. 300 andre nordmenn paa ein flott restaurant i Rio. Denne er veldig populaer og vi fekk hoeyre det at ein ofte maa reservere bord paa forhand. Her var alle tradisjonar med: tale, song, tog, leikar, peolser, flagg (ja sjoelvsagt maatte vi kjoepe det!) og ein god middag. Her var det nonstop' med baade mat, vin og oel etterfulgt av ein herlig iskremdessert -alt gratis selfoelgelig! Vi blei stittande der ei god stund i godt selskap med ein familie fraa Bergen. Snille som vi er gav hostellet vaart ein flott blomsterdekorasjon som vi fekk med oss. Med flagget i sekken sette vi dagen etter kursen mot paradis: Ilha Grande!
- comments