Profile
Blog
Photos
Videos
Ilha Grande ogsaa kalla paradis! Her blei vi moett av flotte strender, palmar og skyfri himmel. Vi hadde ikkje bestillt nokon plass aa bu paa forhand, men dette var det ei hyggeleg dame som ville hjelpe oss med daa vi kom fram. Foer vi fekk snudd oss hadde ho fiksa oss eit flott dobbeltrom som fallt i god jord naar det kom til vaar oekonomi. Vi hadde fire daga paa denne fantastiske oey. To av dagane reiste vi til stranda Lopes Mendes (bilde). Kvit sand og blaatt hav saa langt auga kunne sjaa :) Uheldigvis var det overskya og regn eine dagen, daa er det ikkje saa mykje anna aa finne paa enn aa sove, ete og vente paa god vaeret, som kom allerede neste dag. Siste dagen ville vi sjaa litt meir av oeya, og bestillte ein tur rundt halve oeya. Framkomstmiddelet her var: speedboat! Og det var speed for aa sei det saann! Fronten fekk vi heilt for oss sjeolv og storkoste oss mens vi blei vist rundt. Det blei snorkling, soling og lunsj paa stranda. To noegde brune kroppar kom tilbake etter ein lang dag og maatte til aa pakke sekken. Livet i paradis kunne ikkje vare evig. Vi har no returnert til Rio, her har vi planar om aa bli til heireisedato, 28.mai. Vi skal nyte dei siste dagane paa Copacabana beach og vere med paa meir brasilianske festligheter paa kveldstid ;) Imaarra skal vi paa marked i Ipanema kalla Hippie Marked.
Sekken er blitt enorm og vi lengtar litt etter grovbroed og brunosten. Denne moroa kunne ikkje vare evig heller..
- comments