Profile
Blog
Photos
Videos
Etter å ha komt oss i gjennom ein 23 timers lang busstur på ein sleepingbuss kom vi endelig fram til Ho Chi Minh City. Planen var å ta tog men kinesisk nyttår ødelagte litt for planane våre så vi klarte akkurat å få oss ein plass på bussen 1 dag seinare enn planlagt.
Ho Chi Minh er ein meir urban og moderne by. Mange turister, kjøpesenter og høge bygninger, men det er fortsatt prega av at vi er i Vietnam.
Eine dagen tok vi turen ut til Cu Chi tunellane og var ein halv dag der. Cu Chi er tuneller under bakkenivå som vietnamesiske styrker brukte under Vietnam krigen for å skjerme seg fra amerikanske soldater. Å krype gjennom tunellane var eg skeptisk til før eg reiste på tur men sia dei har gjort tunellane breiare og med lys i, var det "behagelig" men veldig varmt å krype gjennom dei. Du kunne og få skyte med ulike typer våpen for eit x antall dong, men vi hadde lite interesse for det.
Akkurat no sitter vi på bussen til Phnom Penh. Å krysse grensa til Kambodsja var mykje lettare enn vi forestilte oss og tok kun ca 20 min og kosta 25 dollar. Det blir spennande å sjå ka som vente oss i Kambodsja :)
- comments