Profile
Blog
Photos
Videos
Etter ein togtur på softsleepers ( den såkalla VIP avdeligen på toget), ankom vi Da Nang. Ein times kjøretur ut av byen kom vi fram til Hoi An, alle jenters kjoleparadis. Det er over 300 skreddere i byen så her er det berre til å velge og vrake :) Etter å ha lest litt på tripadvisor og snakka med folk som hadde vore i Hoi An, falt valget mitt på Aobaba. Der fikk eg sydd ein kjempe fin selskapskjole som passer ypperlig til bryllup (Hilde-Karin). Litt dyrare enn andre skreddere men absolutt verdt pengane. Tok kun 3 dager. Eg tok ein litt rimeligare skredder for å lage meg dressjakke og skjorte/bluse. Eg droppa å lage type festkjoler sia eg har ei veldig flink mamma som kan sy det til meg :)
Om kvelden er det lys i mange ulike lanterner i gatene som gir ein koselig stemning i byen. God og rimelig mat.
-----------------------------------------------------Eine kvelden vi var ute å åt kom ein gammal mann og spurte om vi var interessert i å få vite meir om Vietnamesisk kultur. Skeptisk som nordmenn flest tenkte eg ka slags greie dette var. Men etter å ha lest bøker med hilsener fra folk som hadde vore der bestemte vi oss for å prøve det. Tilfeldigvis var det 2 norske gutter på samme restauranten som hadde fått samme tilbudet. Så dagen etter reiste vi 6 stk ut til landsbyen Thanh Quit til Mr. Phong. Ein veldig kjekk opplevelse der han fortalte om alt fra Vietnamkrigen som han sjølv hadde kjempa i, til politikken i Vietnam. Etter han hadde fortalt litt gjekk vi tur rundt i landsbyen og fekk sjå det lokale markedet, lokale barber shop, onkelen og tanta til mr. Phong, korleis dei laga brennevinet sitt og mykje meir. Då vi kom tilbake fekk vi lunsj som kona og dattera hadde stelt i stand. Den beste maten i Vietnam så langt. Eg har aldri smakt så gode vårruller før. Koselig mann med fin familie:) Etter 5 timer var det tilbake igjen til byen.
Siden me likte oss så godt på denne plassen blir me her til over helga. Turen vidare er endå litt uvisst, men mest sannsynlig tog rett til Saigon (Ho Chi Minh).
- comments