Profile
Blog
Photos
Videos
No er det ein stund siden sist og me er komt til New Zealand. Flyturen gjekk veldig fort, tok rundt 3,5 time. Eg blei foresten stoppa i tollen igjen,denne gongen var det om eg hadde eksplosive på meg. Ser eg farlig ut? Det første som møtte oss når me kom ut frå flyplassen var kaldt og trist vær. Følte man var komt til Bergen. Christchurch var første plassen. Her dreiv dei forsatt med opprydding etter jordskjelvet i november 2011.Man fekk virkelig sjå dei store skadene dette jorskjelvet medførte. Her var me i 2 dager. Turen gjekk så vidare til KaiKoura. Denne turen tok kun 3 timer fra Christchurch. Det er no ingenting etter våres 12 timer eller 54 timers strake bussturen våres frå Cairns til Sydney. Landskapet som møtte oss her var rett og slett FANTASTISK. Snødekte topper,grønne åser og eit nydelig klartblått hav.Fekk lyst å stå på ski:) Me fant ein butikk som hadde vinsmaking. Dette tenkte me at det hadde vore kjekt og vere med på siden det var lite å finne på her. Me gjekk inn og det var ikkje heilt sånn vinsmaking som me hadde tenkt på. Eg hadde sett for meg, at me skulle sitte rundt eit bord og prøvesmake nokre viner. Men her kunne du rett og slett velgje den vinen du ville smake på,sette glaset under dispenseren og trykke på ein knapp og bestemme deg for kor mykje du ville ha i glaset.Ganske genialt konsept synst eg.
I dag gjekk turen til Picton.På vegen bort her stoppet me og såg på seler som låg ved strandkanten. Ganske søte og fasinerende dyr. Me stoppet også på ein sjokoladefabrikk. Kan ikkje sei at eg gjekk tomhendt der i fra. NAM NAM seier eg.
I morgo går turen vidare til Nelson. Snakkes!
- comments
Anita Tenker de har det fint ja:-) Kunne tenkt meg å vore med på alt du nevnte eg. Då er New Zealand nokså likt Voss i dag... Hehe. Her er blå himmel og sol i dag. Kvite fjelltopper og eit speiblankt vangsvatn. Men haustfargane har inntatt bygde. Fortsatt god tur og lykke på reisen:-)
Bjørn vi ses om 2 måner :)
Katrina Rettelse: jordskjelv 22 februar 2011 <3