Profile
Blog
Photos
Videos
Hei alle sammen!
No har vi vert i Shanghai i to eg ein halv dag. Byen er fantastisk og minnar svært mykje om ein vestleg by.
Vi ankom Shanghai torsdag 24 juni med nattog frå Beijing, Vi sjekka inn på hotellet og fekk oss ein dusj før vi tok turen ut i byen og fekk eit inntrykk over kva den hadde å by på. Dette var mykje meir slik vi hadde trudd Kina var før vi kom. Folk over alt, trange gater med sykler, moped og bilar.
Vi reiste på Shanghai museum, noko som skulle vere eit av Kinas beste (Tonje holdt ut ca 32sek, mens Steinis prøvde så godt som kunne, men måtte til slutt gi opp). Med andre ord; museum i Kina er som museum alle andre plassar (kjedelig), sjølvsakt med sine unntak.
Fredag 25. juni møtte vi gruppa om morgonen og gjekk ein tur til gamle delen av Shanghai. Der var det eit kjempe stort marked kvar dei solgte alt mogleg. Disverre regna det ganske mykje den dagen slik at det la ein liten dempar på gleden, men Tonje såg då moglegheita til å besøke ein av dei mange starbucks kaffeane som var i området. Turen deretter gjekk vidare til ein plass kor vi kunne sjå alle skyskraparane som var i Shanghai. Det skal vist vere over 6000(!) av dei i Shanghai. Eit vakkert syn!
Lørdag 26 juni skulle vi møte gruppa vår for å gå opp i den høgaste bygningen i Shanghai og deretter reise på exbo (EXPO er en event, en slags verdensutstilling hvor nesten alle land i verden presenterer seg selv. Den holdes hvert fjerde år, i år i Shanghai. Det er en gedigen begivenhet. Kina har brukt mangfoldige milliarder for å holde eventen). Klokka ringde 06.30, Tonje stod opp og byrja som vanleg å overtale Steinis til å stå opp. Men ikkje denne morgonen. Steinis tok ein av Stonkos beste avgjørelsar så langt i Kina. Han hadde nemleg sett det at i Shanghai regna det og var skyer over alt. Kvifor gå opp i ein bygning som ragar 498 meter over bakken vist det ikkje er noko å sjå på? Og den exbo tingen....den hadde vi ikkje tid til uansett. Tonje var ikkje vanskleg å overtale og Stonko fekk dermed ein roleg dag der vi sov litt lenger, åt lunsj på McDonalds og drakk kaffi. Vi møtte gruppa i hal to tida for å reise til togstasjonen for å sette oss på ein nytt tog som tar 14 timar frå Shanghai til Xi'an.
Med andre ord Stonko er klar for nye eventyr her i Kina. Så langt har Kina vert ein einaste lang opptur. Maten er fantastisk, gruppa vi reiser med er framleis god sjølv om noken av dei kanskje ikkje hadde vert i vår omgangskrets heime. Guiden vår Jade er berre kjempe søt og utruleg hjelpsom.
Steinis har brukt masse energi på å forstå korleis vi kan ha 9 britar med i gruppa vår uten at noken av der er interessert i fotball. Men dette er ikkje nok til å ta motet vekk frå han. Sidan kampane her nede går 02.30 på natta er Steinis flink til å stå opp og overvåke dei.
Tonje har blitt forkjøla og må jobbe mot baskeluskane. Vi skal sjå om vi kan finne ein heksedoktor i Xi'an!
Til slutt vil vi igjen takke for alle meldingar og komentarar vi har fått på bloggen.
Tonje og Steinis har framleis mykje å gi.
- comments
Brynhild hehe, konge!!! Hørres kjekt ut, god mat og alt. God bedring Tonje. God tur vidare i Kina.
marko ÅÅåå som eg kosar meg med å sjå fotball på den store tv'en din Steinis ;) Håpar du frisknar raskt til Tonko!
Bjørn Knudsen Roy Hodgson er blitt ny manager for 8 seedede Liverpool