

Koh Tao, Thailand
Beach life!
For tida er det strandliv paa thailandske oeyer som gjeld for oss, og me likar det:) Etter mykje farting paa reisen til no, har det vore deilig med ein liten ferie i ferien. Me kom oss heilskinna fraa Bangkok til Phuket med ein VIP buss, som heldigvis hadde glimrande underhaldning paa vegen; amerikansk action film dubba paa thai. Turen gjekk over all forventning. I Phuket enda me av ein eller annan merkeleg grunn opp med aa bu fyrste natta i Phuket...