Profile
Blog
Photos
Videos
G'day love, how are 'ya? No har vi vore so lenge i Australia at vi skjonar at vi ikkje skal legge ut heile livshistoria vaar naar vi faar dette sporsmalet, det er nemleg slik dei helsar paa kvarandre i dette landet.
Vi kom til Sydney 22.desember og var der i to veker. Dette er byen vi har likt aller, aller best hittil. Vi budde paa Wake-up Hostel, Sydney's beste bugdet hostel, og det var vel her vi tilbrakte mesteparten av tida i lopet av dei to vekene vi var i Sydney. Her hadde dei alt! Kafe, bar, kjokken, fellesstove og ikkje minst 600 festglade backpackara som vi skulle feire jul og nyttaar med. Vi budde veldig sentralt og det var berre ein gaatur til operahuset og harbour brigde. Det blei ogsaa tid til ein beachwalk der vi blant anna saag den kjende Bondi beach og ein gravplass der dei hadde spelt inn ein episode av Home & Away. Ein serie som forovrig er veldig upopulaer i Australia!
Vi treng lenger ikkje bekymre oss for at muslimar skal overta verda, for engelskmenn har allereie gjort det! Iallefall i Australia... Etter uttallige moter med dei har vi no innsett at ikkje alle engelskmenn har skeive tenner og solbrent hud. Mange av dei har ogsaa forstaaelse for at ikkje alle har engelsk som morsmaal, noko som gjer det mulig aa ha ei samtale med dei utan alt for mange misforstaaingar.
Det blei ikkje ei tradisjonell norsk julafta, men likevel ein fin oppleving. Paa veg til butikken blei vi huka inn av ein som jobba paa eit reisebyraa, og der fekk han oss til aa kjope tidenes dyraste julegaave til kvarandre. Ein nette sum av 7000 kroner skal frakte oss oppover austkysten, det var og inkludert campingtur, segletur, fallskjermhopp, cruise og dykking. Ellers gjekk vi ut og aat ein god middag, og deretter ein tur ned i kjellaren paa vaar favorittbar J
I romjula gjorde vi det vi skal gjere: ete god mat, slappe av og feste.
Ein dag vi burde festa, men ikkje gjorde det, var paa nyttaarsafta. Vi tilbrakte store delar av dagen i ein park med 20 000 andre. Det blei mykje venting, men det var det verdt naar klokka slo 12 og fyrverkeriet som Sydney er kjend for slo ut i full blome. Maija blei so paralysert at ho presterte aa springe i fraa lommeboka si, men heldigvis greide ho aa faa med seg cola-flaska!
Sydney er no byen i vaart hjarte, og vi lengtar allereie tilbake.
See ya!
- comments