Profile
Blog
Photos
Videos
Klokka 03.00 blei vi lempa ut av bussen, med beskjed om at vi var komne til Kuala Lumpur. Heldigvis laag ikkje hostellet vaart langt unna, og ein hyggeleg mann slapp oss inn i resepsjonen sjolv om vi ikkje hadde overnatting foer dagen etter. Vi fann kvar sin hard trebenk og la oss til aa sove. Hostellet var veldig fint og laag rett att med den kjende "reagge bar". Vi tok middagen her og noko med det foerste vi saag var eit stort norsk flagg i baren! Ellers var det ikkje saa mykje som mintes om Noreg. Musikken var av Bob Marley, bileta paa veggen var av Bob Marley og servitoeren saag ut som Bob Marley.
Vi hadde hoeyrt at shoppingmoglegheitane i Kuala Lumpur skulle vere bra, saa dette maatte testas! Vi tok med oss dagsbudsjettet paa 421kr og la av gaarde. Daa dei store kjoepesentera lyste mot oss trudde vi at sekkane kom til aa bli fylt opp i rekordfart. Men daa vi sette dei sletne flip-floppane innafor doera foelte vi oss ikkje heilt heime blant eliten. Her var nemleg Gucci, Prada, Luis Vitton, Chanel osv. Saa med vaart budsjett hadde vi kanskje faat raad til ein pose! Saa vi tok eit nytt blikk paa kartet og oppdaga ei berg- og dalbane. Ny kurs!
Saag ingen fornoeyelsespark, men fekk beskjed om at berg- og dalbana laag inne paa eit kjoepesenter. Her blei vi resten av kvelden og bestemte oss faar aa tilbringe morgendagen paa samme plass. Rimelige prisar, bowlingbane, kino og berg- og dalbane, kva meir kan ein ynskje seg paa eit og samme kjoepesenter?
Elles var det ikkje stort meir vi fikk sett av Malaysia i loepet av 4 dagar. Vi kjopte "hop-on-hop-off" bussbillettar som guida oss gjennom byen paa ekte turistvis. Der fekk vi blant anna sett dei kjende tvillingtaarna, og ellers eindel andre attraksjonar som ikkje interesserte oss stort. Museum, fuglepark og moske for aa nevne nokre.
Neste stopp: Singapore
Vi reiste med lokalbuss, der vi var dei einaste kvitingane paa bussen. Dette viste seg aa ikkje vere so lurt..Etter ein passkontroll som for oss tok ganske lang tid, blei dei lokale heltane leie av aa vente, og koeyrte like so godt vidare utan oss. Kva gjer vi no? Vi sette oss ned paa ein benk og provde aa sjaa fortapte ut. Heldigvis tok det ikkje lang tid foer vi fekk napp, og ein bussjaafoer tilbydde oss ein plass paa bussen hans. Det ordnar seg alltid for kjekke jenter:)
Elles maa vi innroemme at vi har vore skikkeleg slappe i Singapore, og vi har flittigt brukt regnet som unnskylding for aa ikkje gaa ut av rommet. Saa vi har verkeleg faat lada batteria og er klare for avreise til Sydney imaara :)
- comments
Ingrid Runde Hei Maja!! Ser ut som at dere har det kjekt på tur! kan ikke unngå å bli en smuuuule misunnelig på dere her jeg sitter i bitene kulde på hybelen min. (21-) det har vært helt ned i -27 - tro det eller ei. og da er det ikke mye annet å gjøre enn å mure seg inn på rommet med en god kopp te og håpe på godt vær :] hehe. Håper du kommer og besøker Sannah meg og Ida i Trondheim....! Det hadde vært kjempekos! Klem Ingrid :O)