Profile
Blog
Photos
Videos
Hei alle saman.
Lenge sidan sist. Det har vore vel to travle veker, som er vanskeleg aa oppsumere kort. Dt foles som om dess dagane har vore lengre enn tre veker i Santa Teresa. Vi begynte med fire dagar i Montverde, med eit klima som var svart likt setra paa Staarheim, berre at det laag paa vel 1300-1400 meter :-) Hr gjekk vi mykje i skogen og fekk sett mange kolibriar og en pizote som stjal maten deira. Turen gjekk vidare til La Fortuna, der vi sov i kummerlege forhold. Hold daakke vekke fra Cabinas Adriana! Om daakke skal dit ;-) Men vi var med naboen, mr Lava Lava, Carlos, paa eit par tourar. Han koyrde oss til eit par naturlege varme kjelder, som var gratis. Vi kokte i to timar, foer han henta oss der og tok oss med for aa faa sjaa vulkanen og lava i morkret. Vi gloymte kamera paa den hre turen, men minnene lver vidare.
Dagen etter tok vi ein tur til fossen og bada litt, foer regnet styrta ned. Fossen var imponerande og utulig kraftig. Korkje Elin, eg eller andre greidde aa kome inn til straalen, heldigvis :-)
Vi ville ta lokalbussen til Guápiles, noko som inneberer mykje tolmod! Bussane var velfylde og tok 1,5 gong saa lang tid som det var oppgitt. Vi var glade for at vi ikkje valde aa ta bussen heilt til Tortuguero, men la inn ei overnatting i Guápiles. Her gjekk vi tur i parken og kjopte ormekur til Tiril-Marie :-) (Eg maatte kjope i gaar :-D )
Buss og baatturen inn til Tortuguero var flott. Tortugureo var vaart forste mote med den karibiske kulturen, med mange av afrikansk avstamming, reggae rytmr og meir krydder i maten. Hr var og den forste leikeplassen vi har sett. Vi hadde ein veldig travel dag. Opp kl 5, tre timar i baat i nasjonalparken, pause og lunsj, to, tre timar til fots i nasjonalparken og til slutt havskilpadde tour fra 8-10 paa kvelden.
Aa skulle faa sjaa den gronne havskilpadda legge egg, er noko vi har verkeleg sett fram til. Det var mykje venting paa stranda og jentene sovna. Men i og med at der er heilt morkt, fekk vi endeleg sett stjernehimmelen. Og det var fint ver, noko som eit norskt par ikkje fekk dagen etter. Dei regna vekk og fekk une sjaa ei som gravde hol. Vi fekk sjaa ei svaer dame som la trilltunde pingpong ballar og som grov igjen reiret sitt. I det raude lyset fra lommlykta verka det heile totalt surrealistisk. Jentene tykte det var stort.
Deretter tok vi to rolege dagar i landsbyen og paa stranda foer vi reiste hit i gaar. Baatturen til Moin var flott og her fekk vi sett ordentleg paa kaiman, dovendyr, krokodiller og rosa hegrer. Hre er fest i byen i helga og i gaar fekk jentene koyrt minikarusell og vert med paa konsert, der di dansa litt. Daa eg vakna idag, saann ca 05.30, og kika ut dora, saag eg ein diger krabbe utanfor. Eg henta kamera, men den stakk av. Men, men i eit tree rett utanfor hang der eit dovendyr og sokte ly for regnet. Eg fekk tatt eit bilete av ein graa ball og tenkte at eg hadde god tid til aa faa sett det royre seg, tross alt er det eit dovendyr :-) Men etterpaa hadde rakkaren gaatt ned fraa treet! Og det gjer dei kun for aa bytte tre, eller gaa paa do, som dei gjer ca ein gong i veka :-)
I mellomtida hadde eg faat tatt bilete av ein hauk som stod og torka seg i nabotreet. Her og svikta det dig kameraet, men 135mm kameraet har den paa film!
No har vi leigd oss syklar, regnet har letta, eg har sutte hre i to timar, eg er svolten og vil ut og oppdage Cahuita. Straumen har og gaatt to gongar og Fredrikstad leiar mot Brann! Huff
- comments