Profile
Blog
Photos
Videos
Heey!
Etter ein 12 timars lang flytur med null søvn, var me endeleg framme i L.A! Me sjekka inn på hotellet og fekk ei god natts søvn, klare til den fantastisk veka me hadde framfor oss!
Me var med på ein tur som gjekk frå L.A til San Francisco som var arrangert av Trek Amerika. Turen er kalla Western Wonders og tok oss med innom til Grand Canyon, Las Vegas og Yosemite.
I gruppa me skulle reise med bestod av oss, 4 andre nordmenn, 2 svenskar, 3 sør-koreanske og 1 amerikanar + reiseleiaren vår. Me møtte dei morgonen etter me ankom L.A og skulle reise til Colorado river. Men før me reiste frå L.A var me innom Beverly Hills og Hollywood :)
Den fyrste natta skulle me eigentleg ligge i telt ved Colorado river.. Men det var meldt mykje regn, så me ovarnatta på hotell istaden for. Om kvleden åt me på McDonalds (sjølvsagt, sidan me var i USA) med resten av gruppa og var på båttur på Colorado river. Kjeekt!
Dagen etter reiste me til Grand Canyon! Når me kom fram satte me opp telta der me skulle campe, tok med oss snacks og vatn og var klar for å sjå kløfta! Me gjekk eit stykke ned i den, deretter såg me solnedgangen på eit utsikts punkt. Var heilt magisk å sjå korleis fargana på Canyon skifta ettersom sola gjekk ned! Fantastisk :) om kvelden åt me god mat som turleiaren kokkelerte på stormkjøken til oss og lagde bål. Finfin kveld, var einaste marsmellomsane som mangla..
Turen gjekk deretter til Las Vegas dagen etter! Når me kom fram gjorde me oss klare til limousin-tur om kvelden. Turen gjekk langs stripa i Vegas, med Corona og champagne i glasa. Me fekk sjå Vegas by night med ein herleg gjeng der stemninga var på topp! Heile neste dag hadde me til å sjå og oppleve Vegas. Om kvelden var me på Cirque De Soleil with Chris Angel, etterfulgt av middag på Hard Rock Cafe :) fantastisk kveld!
Morgonen etter reiste me til Yosemite National Park. Det var ein lang køyretur, så når me kom fram om kvelden satte me opp telta der me skulle campe og det vart igjen laga god mat på stormkjøken. Neste morgon var me klare til å utforske nasjonalparken med fantastisk natur! Me vart fortalt at det budde 9 bjørnar i området, så me var spente på om me kom til å møte på ein. Turen gjekk opp til toppen av Nevada fossen, som er 2200 moh. Det var ein slitsom tur, men absolutt verdt det når me kom opp å såg utsikten :) heldigvis møtte me ikkje på noko bjørn, men ekstremt mange ekkorn! Om kvelden vart det grilling og tenning av bål. Og endeleg fekk me dei etterlengta marsmellomsane! Namnam :)
Deretter gjekk turen til San Francisco! Turleiaren tok oss med til Golden Gate Bridge før Western Wonders turen tok slutt og slapp oss av på hostellet me skulle bu på den siste natta saman med dei 4 andre norske. Om kvelden hadde me taco-kos etterfulgt av film-kos. Ein kosleg kveld!
Siste dagen i USA gjekk til shopping og sight-seeing i San Fran, før me måtte reise til flyplassen og vidare til Mexico!
I løpet av veka me hadde i USA køyrde me ufatteleg mykje bil! Men det var absolutt verdt det, med tanke på alt det fatastiske me opplevde :) Med ein herleg gjeng og fantastisk stemning vart veka i USA heilt topp!
- Oda og Randi - <3
- comments
Leni haha, da må vera Randi som ha skrive detta innlegge iaf!! Marsmelloms <3 :D
Turid Mølmesdal Artig å lese! De opplever meir enn kva me "gamle" har gjort eit heilt liv!