Profile
Blog
Photos
Videos
KILIMANJARO - 5895mho - "Toppen av Afrika"
Ja, på min tredje tur til Tanzania så skulle eg endeleg ta steget å prøve å bestige Kilimanjaro, Afrikas høgste fjell og verdens høgste frittståande fjell. Eg og den eine tyskaren me bur saman med, Toby, vart einige om at me skulle prøve forrige mandag, og allerede torsdag reiste me av gårde mot Marungu der ein startar. Her fekk me møte guiden vår Freddy på 41 år som har klatra "Kili" over 600 gangar!!! Han var verkeleg ein god guide, og sa med det samme at han skulle få oss til toppen, Uhuru peak, 5895mho. Hans metode var å ta det "pole pole", roleg roleg, heile vegen.
Me starta å gå i regnskog på 1900mho opp til Mandara Hut på 2720mho (5t.). 2dagen gjekk me i frå Mandara til Horombo Hut på 3780mho (6,5t.) i for det meste skyer og lett regnvær. Me drakk litervis med vatn kvar dag for å ikkje bli dårlege, men dette resulterte jo i at ein også må VELDIG ofte på do! Så på denne 6,5 timers turen så måtte eg sikkert stoppe og finne ei busk 7/8 gangar! Freddy kalla meg derfor etter denne turen berre for "peeing Mzungu" som betyr tissande kvitingJ
3dagen var veldig lang då me klokka 0830 skulle gå mot Kibo Hut på 4700mho (6t.). Me gjekk seint som vanleg og nøt både sola, utsikten og sjølve toppen av Kili som kom meir og meir til syne. Landskapet har forandra seg mykje etter dag1 med regnskog, då det no er mest steinar og alpin ørken. Merkar på pusten at ein no er komt høgre opp og ein er ikkje fullt so pratsom meir. Freddy derimot snakkar og syng med folk han møter på vegen heile tida. Han spør oss ofte korleis me har det og passar på at me har det bra. På vegen opp hit møtte me nokon som blei henta ned med båre i full fart og me blir veldig spente på korleis me kjem til å reagere på høgden. Når me kom til Kibo Hut åt me middag før me la oss til å sove rundt kl.1800. Ved midnatt startar me nemleg å gå mot toppen i lånte vinterklær frå 90-tallet, Uhuru Peak (5895mho) som vil ta rundt 7 timar. Me går i VELDIG bratt stigning (må gå sikk-sakk) i mørket i ca6 timar før det flatar litt ut og me går ved sidan av krateret og breen mot Uhuru Peak ved soloppgang.
Mange seier at dette er eit rimeleg "enkelt" fjell å bestige, då det ikkje er spesielt teknisk vanskeleg. Eg trur likevel at eg aldri har pressa meg sjølv so hardt før, spesielt natta me skulle gå mot toppen (frå 4700 til 5895) i kjempebratt stigning og tynn luft. Eg hadde jo langt store planar for kva eg skulle gjere på toppen både med bilder, video, ringe til venner og familie og andre ablegøyer, men når eg endeleg kom til toppen var eg så prega av høgden at eg satte meg berre beint ned på ein stein å prøvde å fokusere på å sitte der. Me klarde å ta oss sammen såpass at me fekk ta dei obligaoriske bildene, men etter dei ville eg i grunn berre skunde meg nedatt for å bli kvitt kvalme, svimmelheit og intens hovudverk. So sjølv om sjølve toppen og timane mot toppen er litt skurrete og vanskeleg å hugse, så ser eg tilbake på turen som ein stor og utruleg kjekk opplevelse!!!! JJ
Det var nesten litt vemodig når desse 5 spennande dagane var over, men det var veldig kjekt å komme tilbake til jentene og høyre korleis dei har hatt det på safari J Dei såg nesten litt rart på meg når eg kom tilbake og skjønnar kvifor når eg fekk sjå meg sjølv i spegelen for første gang på 5 dagar, raudbrun i ansiktet med det obligatoriske "brilleskillet".
Stor klem frå Lise "peeing mzungu"
- comments