Profile
Blog
Photos
Videos
Hilsen fra Krabi!
Vi kom fram til Krabi seint i gaar, etter totalt 11 timar paa reise fraa Penang. Turen skulle etter planen ta 6 t og 20 min tilsammen. Vi har faatt erfart at tidsbegrepet her er mykje romsligare enn det vi er vande med. Vi blei plukka opp av ein van i Penang, som skulle koeyre inntil 10 personar til Hat Yai, ein thailandsk by like over grensa. Linn og eg bestemte oss fort for at vi ikkje likte sjaafoeren, som ikkje virka saerleg interessert i aa snakke med oss. Han kjefta stort sett bare hoeglytt i telefonen, paa det som for oss hoertest ut som sint thailansk. I midlertid endra det seg ganske fort, naar han stoppa for aa plukke opp fleire passasjerar. Her handla han inn to posa med frityrsteikte bananer, som han ville dele med oss. Etterkvart kom ogsaa nokre mandariner. Det skulle ikkje meir til for at han skulle bli omtalt som den kjekke sjaafoeren.
Fyrste strekning Penang- Hat yai, skulle etter planen ta 2 timar, dette blei foroevrig til 3. I Hat yai maatte vi bytte van, og hadde faatt beskjed om at vi skulle bli plukka opp etter bare 20 minutters ventetid. 20 min blei til 1 time og 20 min. Linn var svaert begeistra over den nye vanen som skulle frakte oss til Krabi. Den var stor, kvit og hadde til og med bilbelte. Vi var paa dette tidspunktet dei einaste passasjerane i bilen, og saag fram til god plass dei neste 4 timane. Den neste timen steig passasjertalet, og vi endte tilslutt opp med 15 personar. Bilen var ikkje laga for 15 personar med baggasje, og baggasjen maatte dermed plasserast strategisk rundt i mellom passasjera og i midtgangen. Naar vi hadde naadd 11 personar i vanen, sa vi til kvarandre at no kunne det ikkje komme fleire, men paa mirakuloest vis greidde sjaafoeren aa trylle fram sete etter sete. Etter 6 intime timar, kom vi fram til det koselige gjestehuset vi skulle tilbringe 2 netter paa.
I dag har vi gaatt litt rundt i byen, sett paa tempel, marked, spasert ved elva, Linn har forspist seg paa reke-/kyllingsuppe og vi har faatt booka ein fin bungalow og transport til Phuket. Vi blir plukka opp 11.00 i morgon, og ser fram til 4 nye timar (+++) i ein van. Vi blir verande i Phuket i 3 netter, foer vi set kurset mot Ko Pha-ngan.
I kveld skal vi spise middag paa ein flytande restaurant paa elva, sjekke ut night marked og komme oss tidleg tidleg til sengs saa vi faar ei god natts soevn.
Vi haapa alt er bra med dokke heime!
-Linn og Ingvild, endelig i Thailand-
- comments
Sverre Hei, takk for oppdatering. Kanskje dere får tak i noen oppskrifter på de gode rettene dere spiser. Så kan vi prøve vi og... Det blir lange bussreiser på dere, fint med sikkerhetsbelte da. Vi følger med!
Roald Hei jenter! Først maa vi takke Ingvild for det fine kortet som vi fikk med poste idag. Det er bra dokke er tolmodige med stadig venting og forandringer paa bussruter etc. "Kjeme ikkje bussen idag saa kjeme han imorra" Idag kan vi raportere om knall blaa himmel, men ikkje den varmen som dokke sikkert har. Ellers er her alt bare bra. Hilsen bestemora og bestefaren.
Tanta Hei på dokke. Vi fekk også kort frå Australia i dag, tusen takk. Posten går like seint som bussen de set på med. Det er visst fleire land som opererer med "mexican time". Kos dokke vidare. Vi gledar oss i lag med bestefaren og bestemora for bpå himmel.
Marte Heisann! Thailand allereie ja, skal sei det går unna med dokke, sjølv om transporten er treig! Eg er framleis på same plass, men skal bevege meg ut mot kysten til helga :) Kos dokke vidare og send gjerne eit pip om du er på chat :)
Marianne Så bra dere har det fint. Så bildet fra luksushotelrommet - KOS DERE! Reisen deres høres så spennende ut, jeg vil også ut! haha! Ha det gøy videre og pass på dere selv <3
Margrete Heia begge to! Takk for kort! Skal hilse så mye fra bestemor Dagrun og takke for kort til henne også. Hun sier; "Du verden, de to jentene opplever da mye! " Håper dere får noen flotte dager i Thailand!
Janne Hei! Ja vårt begrep for "fullt" gjeld ikkje der. Her hos oss er bussane mest tomme. Burde vore ei betre fordeling både på dette og anna. Spent på å høyre korleis dokke oppleve Puket. Her heime har vi eit utruleg flott haustvèr, - men gradestokken kryp ned til +1 om natta. Blir nok ikkje lenge før vi får den første snøen. Nyt varmen og sola:) Fortsett og kos dokke, og vi er med dokke vidare......