Profile
Blog
Photos
Videos
Hallo i luken! Her kjem ei helsing fraa George Town, Penang :)
I dag sto vi tidleg opp, som planlagt. Vi rakk aa spise frukost, sjekke ut og komme oss til busstasjonen heile 50 min foer bussen skulle gaa. Vi lika aa ha god tid. Denne egenskapen skulle vise seg aa vere loennsom i dag, ettersom bussen vi skulle paa gjekk fraa ein annan terminal enn vi fekk opplyst i gaar, og i tillegg gjekk den 20 min tidlegare enn avtalt. Ei skeptisk Linn undra seg kvifor bussen gjekk saa tidleg, og likte ikkje at det bare var 4 andre passasjerar som reisefoelge. Var her noko muffins? I midlertid kom vi oss vel fram, trass i litt forvirring under dostoppet. Uten forvarsel hadde bussen koeyrd til andre sida av bygget vi stoppa ved, og to smaastressa jenter sprang rundt for aa finne nokon som kunne hjelpe. Ingvild, som til vanleg blir ganske stressa i uventa situasjonar, har overraska med ei ny og meir avslappa holdning. (Mulig blitt smitta av den australske laidback-mentaliteten)
I 4-tida var vi framme i Georgetown. Paa busstoppet venta nokre lure taxisjaafoerar, som gjerne ville koeyre oss til hostellet. "15 km til sentrum, de maa ta taxi" Vi beit paa, og endte nok opp med aa betale meir enn vi skulle. Vi faar ta laerdom til neste gong. Paa veien til hostellet fekk vi taxisjaafoeren til aa stoppe ved hovedbussjasjonen, kor vi fekk kjoept bussbillettar til Krabi 12.00 i morgon. Vi har eigentleg blitt fraraada aa kjoepe billettar ved slike byraa, ettersom dei kan vere svindlarar. Mulig vi enda opp ein annan plass enn Krabi i morgon, det blir spennande aa sjaa...
Vi hadde ikkje saa store forventningar til Penang foer vi kom. Det einaste vi hadde hoeyrt var at maten her er av den beste i heile Asia. Denne teorien maatte vi teste ut. Vi leita litt rundt i gatene, til vi fann ein slags restaurant som saag innbydande ut. Vi kunne velge og vrake mellom kylling og fisk i ulike sausar, eit utvalg naan-broed, diverse groennsaker og ulike typar ris. I fare for aa bruke store ord, vil vi paastaa dette var ein kulinarisk opplevelse. Etter maaltidet foreslo Linn at vi satt oss i ei "rickshaw", ein trehjulings-sykkel med to sitteplassar framme. Vi valgte den mannen som saag hyggeligast ut, til aa skulle sykle og guide oss rundt i gatene. I tillegg til aa vere hyggelig, var han baade gammal og utrent, noko som ikkje akkurat var ein fordel i dei gatene med litt helning. *Pust og pes* Paa den 60 minutt lange rundturen fekk vi sjaa mange templer, ein liten fiskerlandsby og koeyrt paa hovudveien ilag med bilar og mopedar. Daa vi spurte om han hadde blitt paakoeyrd av ein bil foer, fekk vi det tillittsvekkande svaret: "Yes, yes, many times."
Haapa alt er bra med dokke heime!
- Linn og Ingvild, to troette tryner-
- comments
Roald Hei jenter !Haapa dokke fekk tatt bilder av sjaafoer, trehjulsykkelen og dei to paa setet fremme. Her alt bare bra. Hilsen bestemora og bestefaren.
Tanta Vi blei og lurte på taxi i Lisboa, så de er i godt selskap. Då får de sove ut så de blir fit for fight i morgon. Klem frå oss
Janne Hei. Ser føre meg to spreke jenter på trehjulingen, - og den stakkars gamle mannen som måtte sykle dokke rundt ein heil time:( Har vi mislukkast i å "stå opp" for eldre folk? Håpar han fekk godt betalt:) God tur vidare!
Margrete Jammen opplever dere mye! Morsomt å følge dere. Standardspørsmålet her hjemme er "er det noe nytt på bloggen?" Marianne har prøve i kjemi i morgen og leser for harde livet. Åsgjengen ønsker dere fortsatt god tur! Nyt og kos dere!
Sverre Hei, takk for nytt morsomt reisebrev. Ja det gjelder å ha kontroll på situasjonen og det ser det ut til at dere har. Lurt å spørre på forhånd hva tjenester koster. Håper dere koser dere videre i reisen etter nye opplevelser. Stadig kaldere her i gamlelandet. Båten opp fra plassen på Hovedøya i dag. Kaldt og mørkt. Brrrrr.. Gleder oss til flere reisebrev og bilder!
Sigbjørn Eg er òg gammal og utrena. Kanskje eg skulle starte med rickshaw-springing til og frå Måløy for å komme i form?. :-) Fantastisk alt de får vere med på og oppleve! I dag fekk vi kort frå Ingvild. Det var veldig koselig!