Profile
Blog
Photos
Videos
Hei igjen! No har me vore i Livingstone sidan mandag og tenkte det var på tide med ein ny oppdatering. Her har dei faktisk hatt trådlaust internett, så me har fått lasta opp litt bilete som de har så sterkt etterlyst. Bileta er lasta opp litt hulter til bulter, ikkje verdas beste internett, så dei er ikkje heilt i rekkefølge...
Det har vore godt å vore litt på samme stad lenger enn ei natt, så me har nytt desse dagane her i Livingstone. Campen er veldig bra, den ligg på elvebredden og har ok fasilitetar. Det er eit spa like ved sida av, så me har vore der og fått massasje me varme steinar og indisk hodemassasje osv. Martine var nesten i koma då ho kom derifrå, Mari har vondt sidan ho framleis ikkje likar at folk tar for mykje på ho. :-) I tillegg er det altfor mange apar som bur her og dei er ikkje lenger søte. Dei stel mat og klede, og angrip folk som går rundt. Heller bavianar enn apar, bavianar går som regel vekk når du skrik eller trampar, men apar er berre onde! Den første ettermiddagen her var me på båtcruise på Zambesi elva. Dette var eit all you can eat, all you can drink, sunset/dinner cruise, men det vert populært kalla Boozecruise. Og akkurat det var det, så det vart ein særs artig siste kveld i lag med heile gruppa. Dag 2 var det ein del som framleis følte etterdønningane av båtturen kvelden før, så dei fleste berre slappa av på bassengkanten. Mari og to svenskar tok seg til Victoria Falls, noko som endte i spektakulære syn og gratis dusj. No er det høgt vatn i elva, så fossen er ekstra stor. Neste dag skulle Martine og Morgan, ei australsk jente som har vore med på turen, hoppe, ikkje i strikk som Pappa Martin sa, men i ei type reile. Det er ei reile etter eit fritt fall på 53 m ned i eit juv. Det vart ein skremmande, men fantastisk opplevelse. Me prøver å få lasta opp video av det, men internettet vil ikkje heilt samarbeida. Uansett var det fantastisk! Med som støttespelarar var Ilse, Janet og Mari, og dei likte seg betre på landjorda. Etter hoppinga reiste alle saman til Vic Falls, der me fekk bytta vekk det me ikkje trengde (sånn som slitte hårstrikka) mot det me ville av treutskjeringar, kopararmbånd osv., og sett fossen. Vic Falls er noko som ikkje kan beskrivast med ord, alle må berre reise å sjå sjølve. Det er absolutt One of the 7 wonders of the world!
Resten av dagane i Livingstone har me brukt til å slappa av og sett litt av Livingstone by. Eine dagen var me med som støttespelarar då Ilse, ei belgisk jente, skulle hoppe i strikk. Dette førte til at me var inne i Zimbabwe ei lita stund, men me kom oss fort derifrå då Ilse kom opp att for det var fullt av svenskar frå dei rosa bussane som me traff i Malawi. Dessutan er det ingen av oss som har lyst å besøke Mugabe. Onsdagskvelden var me og åt på ein finare restaurant her, og då møtte Mari ei vennine av søskenbarn Kari frå Vinje. Så verda er absolutt ikkje stor! Ho var her i praksis som lærarstudent, og ho hadde vorte møtt med pisking av elevane som disiplin og at favorittaktiviteten til dei små var slangejakt. Så plutseleg vart Noreg litt langt vekke likevel. Heldigvis!
Idag var me litt dumme og bestemte oss for å prøve sushi i Zambia. Me gjekk ein heil gjeng på Ocean Basket som er ein sør-afrikansk restaurantkjede, men sjøen er rett å slett for langt borte frå Livingstone, så uansett om det er ein annerkjent sjømatkjede, så var ikkje sushien fersk på nokon som helst måte. Så me er svoltne endå, og forhåpentligvis så vil me ikkje bli dårlige av dei få bitane me smakte. Oppturen kom når me kom tilbake til campen og dei viste ManU - City i baren og Mari fekk endeleg sjå litt etterlengta fotball. Faktisk så er Zambia eit fotballelskande land, så me har fått sett fotball fleire stadar medan me har vore her. Mari seier: YEY! Og spesielt idag! No er planen og få i oss litt mat før me skal møta resten av dei me skal reisa saman med til Johannesburg kl 19. Det er ei heilt ny gruppe med nye tour guidar, men me gledar oss!
Ok, no må me få i oss mat. See you later alligator! (Det er masse krokodillar rundt her btw.)
- comments
Martin Takk for flott oppdatering. Moren di er litt dårleg enno etter hoppinga di Martine, men Asbjørn kunne tenkt seg å prøva sjølv. Etter å ha sett bileta i går og i dag, får ein enno meir lyst å reisa i dette området sjølv. De er heldige, men sushi i området det trur eg et større risikosport som hopping. Ola vil forresten ned å prøva. Han og Andreas har hjelpt meg å vea ISAF, så no er det blit luket og tomt for store tre retning tante Torunn Mari. I går reiste Mubarek frå Egypt, så der feirar dei. Håpar det vert til det betre for folket der. I går omkom to brettkøyrar i snøskred i Eikedalen. Dei var over trekka for å laga eitvhopp, då det kom ei skre frå fjellet ovanfor dei, 4 var tatt, men 2 klarte seg. Ellers ikkje så mykje nytt å melda. God tur på neste reise! Pappa
Torunn Kjempekjekt å få sjå bilete! Supert at dåke held oss så godt oppdatert. Dåke er blitt skikkeleg brune (æsh) og ser ut til ha det fantastisk. Skulle gjerne ha vore med på iallefall deler av turen:-) Her går det som det pleier i full fart. Eg skriv på oppgåve som skal inn til veiledning på måndag. Trudde det var dåke som var studentar eg! God tur vidare, heldiggrisar!
Petra Hei begge to! Det høyrest ut som dåke har hatt ein flott tur til no, veldig kjekt å følgja dåke via bloggen. Ein Afrika tur har eg hatt lyst til lenge, og får ikkje mindre lyst til å reise når eg høyrer og ser kva dåke opplever. Her er det flott vinterver idag, og Jan Ove er på fjellet og står slalom. Eg og Cita held oss i låglandet! God tur vidare! Klem tante Petra
odny Takk for ny oppdatering og flotte bilete. Dåke er kjempeheldige som får oppleva dette. Har roa meg litt etter hoppinga di Martine. Må innrømma at eg syns du er tøff som våga å gjera det. I dag er det morsdag jenter. Tenkte eg kunne minna dåke på det. Send ein ekstra varm tanke til Anne Marit og meg. Me traff Martingjengen på tur i Selemarka i dag + Torunn og co. Koste oss med bål og pølsespidding. Ingeborg likte forresten godt bilete av pølsetreet. Ha ein kjempefin tur vidare! Klem frå oss
Johanna Alltid lika kjekt å lesa nye blogginnlegg, å eg likte spesielt godt bildene dåkas! Gler meg te å følgja dåke vidare!:) Kos dåke i hel vidare på turen! ps. dåke e heldige som har sommar og sol for her heima e da KALDT!