Profile
Blog
Photos
Videos
Køyrer no opp i fjella sør i Tanzania, deilig å kjenna at det byrjar å bli litt kaldare enn det har vore dei siste dagane..fristar med ein skitur! Sov på ein camp midt i ingenting i natt, der me fekk beskjed om å ha sekkar og telt igjen til ein kvar tid pga skorpionar og å ikkje gå heilt ner til elva, for der var der krokodiller. Spanande! Ingen vart eten av verken det eine eller det andre denne natta heller, litt kjedeleg sidan vi framleis ventar på eit ordentleg "kill".
Oppe i fjella her er det grønt og fint, ikkje like brunt som der me har vore tidligare i Tanzania. Bavianar hoppar langs vegen med rompa i veret akkurat som på film. Folk her (generelt på 'landsbygda' i Tanzania) bur i hus lagt av murstein som dei lagar sjølv, med eit gjørmelag utpå slik at det blir heilt tett og kvistar/strå/gjørme til tak. Dei bur i små klynger med hus og brukar resten av jorda til jordbruk og beitemark til husdyra sine. Det er mykje geiter her pga den feitthaldige mjølka, ganske likt som i Grungedal med andre ord.
Tenkte de trong eit seriøst innlegg innpå her ein gong inniblant, så dette var alt for idag:-)
Tschuss!
- comments
Martin Takk Mari! Innlegget kom 5 dagar etter det var skrive. Me skal informera moster Heidi om at ho bur ta seg ein studietur dit. God tur vidare!,
Mari Ja, eg kan berre poste naar eg har wifi, og det er langt mellom kvart traadlause nettverk her...men skriv litt paa telefon slik innimellom... No er me i Livingstone fyi