Profile
Blog
Photos
Videos
Hei på dåke! Har fått tilbakemeldingar på at de synest eg er dårleg til å oppdatera, så eg tenkte å gjera noko med det. No er me i Lilongwe, hovudstaden i Malawi og her har dei for fyrste gong så langt på turen: WI-FI! Om enn eit veldigt treigt eitt, så er det nok for å få og gje litt oppdateringar. Som Martine har informert dykk om, har det vore eitt par utfordringar så langt. For min del var den dersidert største allereie første dagen då me fekk beskjed om at kveldens overnattingsstad var Snake Park, Arusha. Var nær å få eit panikkanfall når me svinga av vegen og køyrde inn på campen, men alle slangane var inni bur og resten av campen var relativt harmlaus, så eg sov kjempegodt begge nettene me var der. Tru det eller ei de Laurhammer-tanter! Neste utfordring kom då me skulle reise til Zanzibar og "ferja" viste seg å vera ein middels stor båt og bølgene var store. Sidan eg vert sjøsjuk på ferja frå Langevåg til Buavåg så sleit eg litt her, og det heile vart ikkje gjort betre av Celine Dion på repeat heile den 3 timars lange turen. Men all good!
Mine Zanzibar-dagar vart litt ulike Martine sine, og godt var det :-) Første dagen var me innom ein krydderplantasje på vegen til stranda, fekk omvisning og smaksprøvar. Spennande å sjå kor alle kryddera kjem frå. Pluss at dei hadde veldig god mango og ananas(!) der :-) Eg haldt ut i sola i ca 40 min med boka mi den første dagen før eg rømte til skuggen. Men boka var framleis med, så me samla oss ein gjeng i skuggen og hadde det ganske så behageleg. Neste dag så vandra eg litt rundt på stranda og i den vesle landsbyen, fekk to lokale guidar på vegen, og gjekk lenger enn eg trudde. Så då eg endeleg kom meg tilbake til der me budde, eg hadde sjølvsagt romnøkkelen, hadde Martine neste sett i gang leiteaksjon etter meg. Men alt bra! Morgonen etter valgte eg å reise tilbake til Stone Town istadenfor å få ein ekstra dag på stranda. Her fekk eg sett ein god del av byen, var på det lokale markedet og såg slakting av kuer (Ikkje etter norske standarar) og heile det yrande livet der. Vidare gjekk me på omvisning på det gamle slavemarkedet, og fekk sett kjellarane dei heldt slavane i og fekk innføring i korleis auksjonane gjekk føre seg. Zanzibar var i utgangspunktet berre ein mellomstasjon for slavehandlarane mellom Afrika og deiras nye heimland/gravplass. Om slavane døydde av dei frytelege kåra dei måtte bu under, så vart det sett på som ein positiv ting for slavehandlarane ville berre ha dei sterkaste. Frå slavemarkedet gjekk me vidare til å oppleva meir hyggelege ting, slik som Freddie Mercury's fødestad og Mercury's bar, der me kjølte oss ned etter ein særdeles heit dag på bytur! Etterpå gjekk det mest i handling o.l. fram til dei andre kom igjen og me hadde stor fellesmiddag på ein indisk restaurant.
No har me vore fire dagar her i Malawi. Det har regna ein del, endeleg får ein sei. Me har vore tre dagar, på to ulike stadar langs Lake Malawi, før me idag reiste til hovudstaden Lilongwe. Det har vore avslappande dagar, med ein spennande dag igår. Me starta dagen, i høljeregn (fekk endeleg bruk for regnjakkane våre), med ein tur i den vesle landsbyen. Me hadde med oss ein lokal gut på 23 år som viste oss rundt i private hus, skulen og sjukehuset. Me kunne ikkje vore lengre vekke heimafrå, så me endte opp med å gje frå oss kler, pengar mm til dei som treng det meir enn oss. Det Malawiske folket er kjent for dei breie smila og deira velkomstglede. Når me gjekk gjennom byen kom ungane og tok oss i handa, ville sitja på ryggen vår og sang for oss. Fantastisk å sjå! Malawi er eit fantastisk lanf, både folket, kulturen og landskapet gjer det absolutt verdt eit besøk...og fleire.
I morgon reiser me inn i Zambia og nærmar oss no slutten på første del av turen vår. Trur eg kan sei på begge to sine vegne at me kunne ikkje fått ein betre start på reisa med Serengeti/Ngorongoro, Zanzibar, Malawi, alle folka, dyra og kulturane me har opplevd.
Ok, det var alt for denne gong. Håpar de er nøgde for nokre dagar til no. Så kjem det nok oppdatering, iallefall då me er i Livingstone i neste veke.
Puss och kram
- comments
Pappa Tusen takk Mari! No kan lappen roa seg ned. Rett er nok at eg aldri har vore særleg uroa heller, men takk for ein flott og innsiktsfull rapport. Det var ein noko meir kjent familie her på berget som nyleg har gjennomført ei "dannelsereise". Eg trur nok, og håpar at det for dåke vert ei noko meir reel dannelsereise. Lukke til vidare. Dei største hendingane her heime er at Knut Arild har blitt "ny" ved hjelp av Jan Thomas!! Elles hadde Marie Amelie fått vondt i stortåa etter å ha snofla i ein brustein i Moskva. Difor er det den personen me skal synast mest synd på i heila verdi, seier eit samla pressekorps i Oslo. Så, me har store utfordingar i kongeriket og Siv Jensen er framleis opprørt over det håplause landet ho lever i. Ha ein fin tur vidare og vær gild å senda om ikkje meir enn "ok" dann und vann. Pappa
Torunn Kjekt å høyra frå deg og, Mari :-) Flott at dåke har hatt så god start på turen. Høyrest spennande og eksotisk ut! Ha ein fin tur vidare begge to! Klem frå tante Torunn
Tove Wow høres ut som dere har fått opplevd masse!! :) Synes onkel Martin sin beskrivelse av hva som skjer i Norge er særdeles dekkende, så dere trenger ikke å ha hjemlengsel :p Kos dere masse videre og ta vare på hverandre! Klem
Victoria Fantastisk Mari :) Som alltid er det kjekt å lese om turen :) Eg trur eg hadde felt litt eg og skulle eg budd i ein snake park :) Alt er bra her heime med store og små :) Ta vare på kvarandre og god tur vidare! Klem frå alle oss her!
Odny Kjekt å høyra at dåke har det bra og om alt det fantastiske dåke opplever. Me skulle også vore i Afrika( Egypt) no, men den turen får me ha til gode. Alt vel heime. God tur vidare!
Anne-Marit Alltid kjekt å høyre frå dykk. Spissa øyro då dei kom med advarslar om å reise til malawi i Nitimen i går, men forklaringa var at myndighetane i Malawi hadde framlegg om å forby folk å sleppe ein fis i friluft. Dette hadde VG nett fått med seg, så me kunne slappe av her heime. men det hadde vore verre om Martin hadde vore ilag med dykk. Eg har sendt bloggadressa til tantene og onklane dine i Telemark så dei kan følgje med dykk. Ha ein fin tur vidare. Klem.
Else Hei! Fikk reisebloggadressen fra Tove i dag, og det er spennende å lese hvordan dere har hatt det så langt. Det er tydelig at dere får mange opplevelser og inntrykk - nyt det! Imidlertid hadde jeg helt sikkert besvimt hvis jeg skulle ha overnattet i en "Snake Farm", men utrolig hva man klarer, når man ikke har andre valg... Lykke til videre på turen - gleder meg til å følge med på den videre ferden. Klem fra Else
Moste Bergli Hei båe to.Ja, de høyrest bra ut.Så no Mari er du kvitt både slange og båt skrekk.Klede snakka me om på Dysje før de for, gje dei vekk,så de får plass til nye i sekken,men med denna varmen hadde det sjølv for meg vorte for heitt. Her har me perfekt pudderføre, og minus 5,5 grader.God tur vidare.
Bjørg Hei! Fekk orga meg bloggadressa frå mor di, Mari, så no sit me her, ein smule misunnelege, og føl me med på kva de opplever! Det høyrest fantastisk kjekt og spennande ut, men eg trur eg hadde hatt litt "neller" når eg skulle leggja meg om eg hadde vore med! Skorpionar og slangar!!! De får passa godt på dokkan sjølv/kvarandre og kosa dokkan! God tur vidare! Klem