Profile
Blog
Photos
Videos
No sit me paa Brisbane Domestic og ventar paa at flyet te Sydney ska bli klart te boarding. I sydney ska me byte fly te Pacific Blue som ska ta uss te Christchurch.. framme kring 0100 i New Zealand, lokal tid..
Det har vorte lite munnharpespeling paa turen, saa eg drog ein slaatt i loungen paa hostellet i Brisbane etter at me hadde sjekka ut. Dama i resepsjonen vart fascinert og ville veta kor i alle dagar eg hadde faatt tak i denna.. Ho vart lite vonbroten att daa eg kunne fortelje at det er mr Nesland i Bykle heime i Noreg som hadde laga ho.. :) Me vart einige om at det minna litt om lyden fraa Didgeridoo og andre maori-instrumentar.. :)
Det er me noko vemod me forlet Brisbane og Australia og fantastiske temperaturar (og folk), og set kursen endaa lenger soer og austover til soeroeye paa NZ. Folk i Australia er generelt saers trivelege folk. Me vart lite sett ut taa at alle startar setningar med "Hi, how are you doing"... dei fyrste slike helsingar vart svara med "Hello" eller "ooeehh.. hi". Men no er me meir rutinerte og svarar baade hyggjeleg og hoefleg.. :) Eirik har til og med byrja aa avslutte med "Cheers", eg med "See ya'" og Bob med "Chairs". Bob er forresten kallenamnet til Arnstein, sidan ingen klarar aa seie Arnstein.
New Zealand ligg paa mellom 15 og 20 grader, noko me kan kjenne oss att i fraa gode sumardagar i gamlelandet. Soerover er det meldt regn, saa me freistar aa reise nordover mot Nelson og Wellington dei fyrste dagane. Rav'en staar klar i Christchurch, noko me gler oss saers te.. :)
Delmaal for New Zealand:
-Strikkhopp paa Bels
-Fjelltur over 2469 paa alle
-Hot Spring
-Sjaa mykje sau (i alle fall over 1000)
-Eta sau (Eirik og Bels)
-Ikkje eta sau (Arnstein)
-Drikke vin (Alle)
Ellers kan det sjaa ut te at Sinus Flammation'n min er attende.. saa kanskje det vert ei ny legevitjing ei stad paa New Zealand. Eirik meiner han har vorte noko forkjoela taa AirCondisjninge.. saa han gler seg til stabile temperaturer der borte.. Arnstein snorkar som aldri foer, og klarte faktisk aa faa to andre te aa flytte ut fraa rommet i Brisbane.. :) Godt gjort...
I gaar kveld flytta det inn ein hyggjeleg hollender paa rommet vaart. Han skulle paa tur her og der i seks maanader og tykte nok at me tre var paa ein speed-backpacking tur. Noko me kanskje var noko einige i... :)
Kva skjer heime? Me hoeyrer artige ting om snoekaos paa Austlandet, meste snoen i Oslo paa 20 aar, snoeras ved Tyin og andre snoerelaterte ting... Her har me ikkje hatt paa uss langbrok sidan me landa i Hong Kong.. genser brukte me noko i Adelaide og sko har kanskje vore paa ein eller to dagar til saman. Me kosar uss..
Arnstein er vorte noko mindre raud.. han er no meir burgunder
Andre artige ting? Baade Arnstein og eg har vorte sjekka for eksplosivar i handbagasja.. men ingenting aa spore.
Det er forresten mykje bra oel i Australia!
Ja nei.. me pratast.
Kristian P
- comments