Profile
Blog
Photos
Videos
Nja, nei.. me er nok ikkje heilt på tur enno. Og i alle fall ikkje til American Samoa. Men når ein fyrst har laga blog, og sagt ein skal til Oseania, så er det visst vanskeleg å velje Oslo som punkt å rapportere ifrå. Oslo er i alle fall staden eg held til i nokre dagar til. Arnstein sulla rrundt i Vinje, og Eirik lagar ny vinjerockvev på Fagernes. Om 4 dagar er det avreise og alle førebuyr seg på ymse vis. Eg førebur meg ved å ta ein skikkeleg forkjølelsesomgang no, Eirik førebur seg ved å ete pølse på Statoil og kjøpe seg eit par-tre nye laptopar til turen, medan Arnstein sjekkar at sofaen framleis er god å liggje i og at taket framleis heng der.
Har du lyst på oppdateringar? Eller vil du rett og slett ikkje vite av oss som fêr på 4 vekers ferie til Oseania? Uansett - me skal freiste så godt me klarar å oppdatere denne vloggen så godt me kan undervegs, og kjenner eg uss godt, så tippar eg at me kjem til å skvette innom her javnleg. Mest for å irritere kalde, arbeidsame sjeler der heime.
4 dagar altså - 4 dagar... :)
Kristian
- comments