Profile
Blog
Photos
Videos
Etter ein lang flytur på eit par timar, og deretter ein noko lengre flytur på omlag 10-11 timar hamna Belsn i Mexico City. Turen gjekk særs bra, og er det noko eg har lært frå Bertel på jobb er det å be om flest mogleg øl og konjakk i løpet av ein flytur. Uansett, eg landa i Mexico og etter å ha kome gjennom bagasjesjekk og det ein og det andre - stod eg no i ankomsthallen og prøvde å skjøne att og fram. Eli Anne skulle koma med fly om 3-4 timar ifrå San Jose, Costa Rica, og ville altså koma ruslande ut ein eller annan dør her. Og heilt riktig - ut frå ankomst "Sør Amerika" kom ei herleg, nydeleg gulkjole-kledd jente gåande. Gjensynsgleda var stor, og det vart nesten så eg drog ein Petter Northug. Berre nesten då. Herifrå og framover i nokre veker skulle me no altså vere to, og eg gledde meg stort! Skyssen til hotel New York i Mexico City var ordna, og etter ein snau time var me framkomne der. Heilt enkelt hotel ein eller anna stad i MC. Eg hadde, til stor begeistring, med meg knekkebrød, brunost, saltsild, sjokolade og Dent! Det var nesten så eg kom i andre rekke, etter knekkebrød med brunost... Planen vidare var å kome oss snøggast råd ut or Mexico City. Og medan eg sovna kjapt, las Eli Anne seg fram til at me kunne reise med buss til Morelia neste dag. MC ligg på kring 2000 moh, Morelia på ca 1920 moh. Noko døgersjuk og høgdevill starta me dermed på ein 4-5 timars busstur neste dag. Etter ein solid frukost sjølvsagt. Jenta mi har fått skikkeleg dreisen på spansk, og eg må berre bøye meg i støvet. Kan hende ho byrjar å bli litt lei av "kva betyr det der, kva er det her på spansk, kva sa du no, kva svara han, og kva sa du då"... men eg prøvar meg eg også og kan nå tinge både ein og to og tre øl. Og ein til, og ein til, og ein til. I like.
I Morelia fann me fram til Hotel Carmen, som var eit triveleg hostel med utsyn frå rommet ned på ein triveleg plass som også heitte Carmen. Det er artig å rusle rundt i ein ganske så turistifisert by, men framleis vere to av ytterst få Gringoar (kvite). Frykteleg mykje hyggjele folk, og mykje godt øl. Morelia er blant anna kjend for noko søtsaker, Morelias, som er noko slags turka frukt, rulla saman med sukker på. Dette fann me på ein marknad saman med mykje anna godt og rart. Me kjøpte litt, og skulle vel ynskje etterpå at me hadde kjøpt meir. Ein annan godsak me fekk med oss, var eit stort glas med ymse fruktbitar og salsa og salt på toppen. Sterk salsa blanda med søt frukt og salt var også veldig godt. Kjem du på vitjing til oss i Oslo, er det godt mogleg Eli Anne snikrar saman ein smakebit av dette. Mykje god mat i Morelia, og mykje godt øl. Me gusta Corona. Mucho. Kvar skal me no? Jau, no er me huga på sol, varme og badevatn. I tillegg treng Eli Anne å koma seg ned på 0 meter att, etter å ha vore over 2-3000 meter i to månader. Så me hoppa på neste buss, denne gongen til Zihuatanejo. 4-5 timar denne bussturen også. Buss i Mexico er ganske bra lagt opp. Frå bussterminalane går det bussar både hit og dit fleire gonger om dagen. Og billettkjøp og alt slikt er ganske bra organisert. Eg trur me har fått køyre ganske så 1. klasse bussar så langt, med A/C, god beinplass, videoskjermar, og complimentary matpakke og brus.
Me kom fram til Zihuatanejo om kvelden, og fann fram til ein taxi. Fyrste taxisjåføren ville ha over 50 pesos noko Eli Anne lo av, og sa no no no. Då reiste han vidare og me fann ein ny ein. "Kva var det med han?", ville taxisjåfør nr 2 vite. "Han ville ha over 50 pesos", svara Eli Anne. Og då lo han godt. Han lo så godt at han måtte fortelje det åt kollegaen sin, som også lo godt. Så ville han ha 40 pesos for å køyre oss til eit hostel, og det fekk han. Då me kom fram til hostellet lurte me på om det i det heile var ope der. Ei lukka grind og ikkje noko lys, anna enn eit som lyste opp eit skilt med "Pull the string". Det gjorde me, og ut kom ei flott dame og viste oss inn. Her har me no vore i to netter, og skal vere ei til før me skal vidare. Stort meir budget enn dette hostellet er eg usikker på om me skal ha i løpet av turen. Utruleg triveleg, med ein rimeleg tett beplanta hage rundt ein liten bardisk. Rommet vårt er utan eige bad. Toalettet ligg innanfor kjøkkenet (fritt fram å bruke for alle) og dusjane er nokre avlukke i ein annan del av hagen. Ikkje mykje privatliv akkurat. Skildring frå Lonely Planet om hostellet: "Part artist colony - part botanical garden. Owner, artist, and surfer Malinalli got her creative hands on this place. Decorated with Mali's original art work and Mexican handycraft". Mykje fargerik måling på samtlige veggar, pinatas her og der, og mykje hengekøyer med andre ord. Me har hatt to skikkeleg late dagar her - lege på stranda og sett på sola. Og eg har atter øvd på spansken min. Eg veit no godt korleis eg kan tinge ein øl, det gjeld berre å terpe på "ein til". "Uno cerveza mas, por favor" trur eg det er, men er enno ikkje heilt sikker. Får prøve litt fleire gonger framover tenkjer eg. Maten er også muy bueno her, og medan eg skriv dette finn Eli Anne fram til kveldens restaurant i Lonely Planet. Sjømat er godt, og Eli Anne vil ha reker. Då får eg ta recetacos tenkjer eg... :) I morgon går turen vidare til Acapulco. Etter det - kven veit. Det finn me ut. Mykje kos og klem frå oss medan me nyt late dagar i sola!
- comments
Bob Høyrist kjipt ut.....
Ingrid Vikman Låter som om ni koser er masse, blir spännande att följa med vidare. Hälsa Eli Anne:-)
Kristin og fam. Artigt å lesa, bra å få høyra litt nytt. Godt at knekkebrød og brunost fal i smak ;) Håpar vi kan møtast på skype. Ha ein fortsatt fin tur!
førebels Viss du ser til høyre på tastaturet finner du en litt større knapp. Trykk på denne innimellom skrivinga... God tur, og hils kjeringe