Profile
Blog
Photos
Videos
Siste dag i Australia er kommet! Siste vekene har gatt utrulig fort! og me har hatt mykje bedre vaer enn me hadde dei forste vekene!
Etter Ailie beach reiste me til Harvey bay, ein rolig by. I folge busssjaafore var det kun pensjonistar der og turistar som skal til Fraser Island! Noko me trur stemmer ganske bra! Noko som kan bekrefta det er at me fant rullator paa salg! saa lurte paa om me sku investera, men litt bale aa drasse paa ein rullator! Sov 2 netter i Harvey bay, saa fekk ein heil dag til aa sjaa oss rundt i by'en og stranda! var faktisk sol! Tenke me skulle faa med oss solnedgangen paa stranda, saa satte oss paa ein pier og venta. Men blei saa kaldt at me gjekk rett for solnedgangen!
Neste dag gjekk turen til fraser Island! blei ikkje gjort saa mykje den forste dagen, middag og henge paa dingo bar! Neste dag var forste dag av "Cool Dingo", som var navnet paa turen me var med paa. Transportmiddelt var 4w bussar! ganske spennande opplevelse aa sitte paa med desse bussane til tider! mykje hompar i vegane, saa uten sikkerhetsbelta risikerte ein aa hoppe saa hogt i setene at ein skalla hode i taket! kjentes ut som ein karusell dei verste plassane. Motorvegen paa oya var stranda! Var 4 dagar paa Fraser Island, og fekk sett mykje i lopet av desse dagane: 75-mile beach, innsjoar med krittkvit sandstrand rundt, regnskog, ulike utkiktspunkt, sanddyner, dingo, skilpadder, ulike edderkoppar og mykje anna eg ikkje kommer paa no! fekk desverre ikkje sjaa kval eller hai. Ei utrulig fin oy, verdt eit besok! kveldane blei brukt til aa henge i dingo bar og spele biljard! Reiste tilbake til Harvey bay og tilbrakte ein natt der for turen gjekk vidare til Brisbane.Gjorde ikkje saa veldig mykje spennande her trur eg! gjekk mykje rundtomkring i gatene!
Neste stopp paa turen var Surfers paradise! ein plass for fest og surfing!Hadde vaert eit billop der i helga saa var mykje folk! Provde surfing for forste gang her! og det var ikkje enkelt! trur me tilbrakte meir tid under vatn enn da me gjorde oppaa surfebrettet! trur kanskje bolgene den dagen var litt for store for nybegynnara som oss! brukte ein evighet paa aa komme oss langt nok ut fra stranda til at me kunne faa ei bolge! Vaagenes var heilt utslit etterpaa, men kjekt var det! dagen etter hadde begge gangsperr i armane etter aa ha holdt saa hardt i surfebrettet paa veg ut fra stranda. Tilbrakte 2 netter i surfers paradise for turen gjekk vidare til Byron Bay.
Byron bay var ein koselig by og hadde fine strender! Forste kvelden var me ute med gjengen fra Oz-busse. var pa ein nattklubb som heiter cheeky Monkey. Dei har ikkje dansegolv der, men borda er laga for aa danse paa! Neste dag hadde me vaares forste skikkelige stranddag. om kvelden fant me ein lokal bar, Railway frendly bar, der dei spelte bra livemusikk, og me provde kengurukjott for forste gang! Etter 2 netter i Byron reiste me til Spot -X.
Litt usikker paa kor Spot-X faktsik ligger. Det er eit stopp Oz-bussane har paa vegen mellom Byron Bay og Sydney. er ein slags surfecamp! Gjekk litt bedre med surfinga her, Vaagenes klarte aa komme seg opp og staa paa brettet ein gang! veldig kjekt!
Neste og siste stopp var Sydney. har har me hatt 4 netter, saa det er plassen me har vaert lengst i Australia. Forste dag hadde me ei skikkelig sightsiing dag. Var blant anna oppe i Tower of Sydney, var i botanical garden, var innom Art gallery of new south wales, operahuset, harbour bridge, eit marked og gjekk ellers litt rundtomkring! Om kvelden var me paa ei forestilling paa operahuset. Ikkj ei operaforestilling. Neste dag var me paa blue mountain. Naar me kom tilbake til hostellet sku me bare vaske litt klaer. saa gaa ut ein tur. Men klesvasken tok litt lengre tid enn planlagt! ein skikkelig tolmodighetsprove! Siste heile dag i Sydney tok ei me traff paa Fraser island oss med til bondi beach. Etterpaa gjekk me paa akvarium, wildlife of Australia og IMAX. Oppgraderte rommet paa hostellet til dobbeltrom for aa kunne omorganisere sekkane og litt saant. luksus aa ikkje dele bad med mange andre! men har ikkje vaert noko broblem aa sove paa 6-10 mans rom. Litt merkelig kor fort ein blir vant til aa "bu" med totalt fremmede folk
Ble veldig oppramsing denne bloggen... Som daake ser, har me hoppa veldig fra plass til plass, saa me har fatt sett og gjort mykje! men kunne godt tenkt oss aa ha litt meir tid paa mange av plassane. dei flest plassane kom me om kvelden, hadde heile neste dag, for me reiste vidare til neste plass tidlig neste dag, Totalt har me hatt 28 netter i Australia, og har sovet paa 14 ulike plassar! Lange avstandar(lengre enn me trudde) her, saa me har tilbrakt mange timar paa buss!
- comments
Jason :) Høres ut som du hadde en fantastisk tid i AUS! Godt å vite at mitt hjemland etterlatt et inntrykk! Så glad at du fikk oppleve alt du gjorde! Og nå kan du forstå hvor stor Australia er! :) Haha Ser frem til å ha en prat når du kommer tilbake! Etter å ha lest det du har skrevet her bringer tilbake MANGE minner om turene jeg har gjort opp rundt disse områdene! Nyt resten av turen og se yadeg når du kommer tilbake! JAS!