Profile
Blog
Photos
Videos
Etter ei natt i Mexico kom me oss endelig til nest siste stopp på reisa, New York. Her brukte me, som kvinns flest, mykje av tida på shopping. Det vart også ein daglig pause på den kjente og kjære Starbucksen for kakao og noko attåt.
Vår alles flotte 17. mai dukka også opp under vårt opphold i The Big Apple, og New York skuffa ikkje og hadde sjølvsagt et 17. mai opplegg på lur med pølser, vafflar, solo, is, barneleikar og alt anna som høyrer til. Dei hadde også to konsertar, vår kjære Odd Nordstoga spelte, i tillegg til Delillos. Dessutan var det fint vær, mange folk med godt humør og me såg Jonas Alaska så stemningen var på topp! Etterpå tok me ein tur til Central Park kor me møtte på kakemonsteret, Elmo og ikkje minst ein kjempestor gule fugl. På kvelden tok me turen til travle Times Square, der det var litt for mykje folk for vår smak.
Då den siste kvelden kom var spenninga stor då me sku setta i gong med å pakka sekkane, heldigvis klarte me å stappa alt oppi begge to.
Neste morgon sa me farvel til New York og satt kursen mot Island, vårt aller siste stopp på turen!
-BigM&DunderNina
- comments