Profile
Blog
Photos
Videos
Det var ein kald vinterkveld i mars 2009. Eg hadde endeleg teke eit val, eg hadde søkt meg inn på årsstudium i spansk til hausten. Var det eit klokt val? Gjedna, gjedna ikkje! Om lag sju månadar seinare sat eg der med adjetivos og pronombres opp etter øyrene og forsto svært lite. Spansken gjekk i dass, men eg forelska meg i hovudstaden og lærte at her vil eg ta utdanninga mi, i alle fall delar av den. Og eg fekk gode vener. Vener som tok i mot meg med opne armar og serverte meg ein mystisk pizza då eg returnerte til Oslo i januar 2010. Året tok nemleg ei heilomvending. Denne gongen er eg i Oslo på ei lita mellomlanding før reisa går vidare til Ecuador! Jessda, eg reiser til Ecuador og blir der i nokre månadar for å jobbe og gje spansken ein ny sjangse. Og ikkje minst for å oppleve, for å lære ein ny kultur å kjenne, for å bli betre kjend med meg sjølv osv. Her vil eg skrive om opplevingane mine og leggje ut bilder. Følg med, snakkast.
- comments
Kjersti Berge Ja du Karina, du Karina......dette er spennande... Du har jo i mange år sagt at du vil reisa og no fer du altså!! Blir spenneande å følgja deg... skriv flittig her, så får eg emg liksom ei reise, eg og!! Gler meg med deg, jento mi!!
Lillian Pillian Lika denna sio her...! kom igjen, gje lyd frå deg då! ;P ønske deg masse unike opplevelsa der nere! :D men glede meg mest t 02.06 når du kjem heim igjen.. kooosa deg! :*