Profile
Blog
Photos
Videos
Paa laurdagen reiste eg med vertsfamilien min til ´El Oriente´ eller jungelen om du vil, for aa feira Carnaval. Byen me budde i heite Tena. Der opplevde eg litt av kvart; bading i nydelige elvar omringa av vill natur, baattur paa Río Napo, vandring djupt inn i skumle grotter med diverse store og smaa insekt og flaggermus. Goey! Desse dagane var diverre svaert uheldige for vertsmor Magaly. Fyrst blei mobilen hennar staalen den fyrste dagen, deretter datt ho og forstua armen daa me var i grottene. Men hell i uhell (for meg) Eg fekk meg ein spesiell og fin opplevelse daa Magaly i lag med alle dei andre utanom Karin og Ana Claudia (soeskebarnet og barnebarnet til Magaly) reiste paa sjukehuset. Me blei igjen i jungelen i hytta til eit eldre ektepar som drive ein gard. Der var me i mange timar og smakte paa diverse fruktar eg aldri har hoyrt om foer, dei kokte fisk til oss og eg tok med ein power-nap i hengekoeya deira. Eit typisk eksempel paa gjestfriheten til ekuadorianarane - dei opne heimen sin for framande folk og vise oss livet og kvardagen sin. Veldig kjekt. Har lagt ut eit eige album med bilete fraa denna turen.
- comments