Profile
Blog
Photos
Videos
Etter 10 fantastiske dager paa Bali, for vi vidare til Singapore. Der vart vi moett paa flyplassen av Aasta som tok oss med heim til Leiliheta til ho og Jan Morten., som da er slektningane til Ingelin (Aasta er soeskenbarnet til pappaen til Ingelin). Her vart vi servert grovskive og roedvin, som vi inntok mens vi naut utsikta fra 34.etasje =) Her fekk vi og nyte den luksusen av aa faa kvart vaart rom og ikkje minst aircondition. Aasta blogga ogsa, saa sjekk den ut! http://www.123hjemmeside.no/langtborte
Vi maa innroemme at vi var litt late mens vi var i Singapore. Det var litt deilig aa bare gjere ingenting etter all reisinga og alle inntrykkene, men litt fekk vi no sett likevel. Vi var i fugleparken og saag fugler i alle storrelser, farger og fasonger. Jan Morten fekk seg nokre nye fuglevenner der og.
Vi for og paa nettsafari i dyreparken. Det var ganske spesielt aa gaa rundt i dyreparken naar det var moerkt og sjaa dyrene i dempa belysning.
Den store tingen for oss i Singapore var nok maten. Vi aat japansk mat, der maten vart tilbredt rett forran oss, Kinesisk Chilikrabbe(NAM!), spansk Tapas, mexikansk tacos og norsk klubb. Vi hadde en tendens til aa spise oss litt for mette kvar gong, for alt vi aat var saa godt.
Eine dagen var vi og paa Raffles Lounge og drakk Singapore-sling, som hotellet er kjent for. En veldig god drink og vi vart spesielt fasinerte over at vi kunne kaste peanoettskallet paa golvet. hehe..Trur det maa vere einaste "forsoeppla" plassen i Singapore, for Singapore er ein VELDIG rein by.
I Singapore vert det og litt innkjop av elektronisk utstyr, og Ingelin fekk seg to nye linser til kameraet sitt og var veldig fornoegd med handelen. Vi var og paa Sim Lim City som er eit stort kjopesenter med bare elektronisk utstyr.
Etter 8 late dager i Singapore gjekk turen vidare med fly til Kuala Lumpur
- comments