Profile
Blog
Photos
Videos
EIN GOD FRUKOST PÅ HOTEL MONTERY I KNOKKE HEIST, BELGIA.
Eit skikkelig grisevær når Jarle var oppe 07.00 i dag. Vind og regn som piska mot rutene. Såg ikkje so lyst på dagen akkurat. Heldigvis so ga regnet seg før me la i veg. Vinden stilna litt av og, so da blei egentlig ein skikkelig opptur. Såg gløtt av sol av og til og faktisk. Meir skulle ikkje til før me blei veldig fornøyd med tilverelsen.
Ein Belgisk syklist stoppa oss i dag. Han såg på veskene våre at me hadde våre på pilgrimsvegen. Han skulle gå frå Pamplona til Santiago til sommaren. Hadde oss ein lengre prat med han. Han var veldig intresert i å høyre korleis me hadde hatt da i Spania.
Etter 30 km so var da tid for båttur. Hurtigbåt frå Breskens til Vlissingen. Kort båttur på 20 min. Godt for bakenden og byte sete litt. Før de so hadde me kryssa grensa over til Holland. Me var på ein liten sykkelveg, so me fekk ikkje med oss grenseovergangen. Fort me teke eit land.
Sykla fine vegar langs med kanalen i Vlissingen og Veere. Fantastiske fine vegar fri for biltrafikk.
Siste 10 km i dag fekk me ein skikkelig nordavindpeising og jobba med, men me kom fram i dag og.
Me forstår, og snakkar Nederlandsk flytande allerede, so me vart veldig glad når me kom på rommet vårt i dag og følgande sto på ein lapp : Te verwelkoming krijgt u van ons een fles rose.
Einaste minuset i dag var toalettet på rommet. Måtte omtrent krypa under vasken for å settja røvi på skåli.
ME HAR TEINKT OG SYKLA MEIR I MORGO.
- comments
Stine-Iren Ich bin en nederlans vet u. mestum frank un engelseter sertriver. aspektesillum noch galofbohrst