Profile
Blog
Photos
Videos
INN I BELGIA I DAG, MEN DAR BLIR ME IKKJE LEINGE
Gårsdagen blei avslutta med ein 3 rettars meny på ein litt finare resturant. Åt blant anna angus biff til hovudrett. Kjempegode mat og ein fin avslutning på dagen.
Ut frå Cailas etter frukost i dag. Over 10 før me kom oss avgårde. Ikkje noko å stressa etter. Litt regn på turen i dag og, men faktisk litt medvind til ein forandring. I morgo er da meldt vind frå nord igjen, so da er me tilbake til da me har vore vant til siste 14 dagane.
Ingen bakkar og klaga på i dag. Kun bortover. Er ikkje so mange stoppa me har undervegs når været er sopassa dårleg som det er. Har sett litt på langtidsvarselet for kysten av Nederland og da ser ganske so bra ut. Kryssar fingrar for bedre vær og stigande tempratur.
Er komt til de Panne, vest flandern i Belgia i dag. Da er da vestligaste punktet i Belgia med ca 10 000 innbyggara. Blir sikkert berra ein overnatting til i Belgia. Plutseleg so er me i Nederland.
Til saman no so har me trødd 2939 km. Nesten likt antal kilometer i Spania og Frankrike. Spania : 1446 km. Frankrike : 1493 km. Da blir mange tråkk da.
ME ER VED GODT MOT OG FORTSATT SO BEHELD ME BÅDE HUMØRET OG MATEN. NO UT OG ETE LITT IGJEN OG SJÅ SEG OM I DE PANNE. HA DA BRA GODTFOLK...
- comments
Kari Jensine og Malfred Hei, Flott å følgja med på bloggen dykk, De er tøffingar som startar på ein slik tur, det er det respekt av.God tur vidare.
Norunn/Jarle Hei Kari og Malfred. Tusen takk Flott de følge med på bloggen. ME TRØR PÅ.
Aordøl Anne-Grethe Eg e imponert over dikka :) D har vel sykla ca like langt so når d sykla norge på langs no :) Har snart "berre" paddeflate vindfulle dannmark att no. Å so jedna nokon daga i sverige og ein liten tur opp att t Hafslo. Pytt pytt, ei go veka so e d vel her. hehe :) Stå på! E har lest kvart eit ord d skriver. Veit ikkje om d går tbake på tidlegare daga og sjekka kommentara. Hvis ikkje so ser d den jedna når d e komme heim og sitter og mimrar:)
Norunn/Jarle Hei Anne Grethe.. Har pasert Norge på langs. Då hadde me 2855 km. Me har bikka over 3000 km med god margin. Har nok igjen ein del enda. Fleire etappar i Holland og so Tyskland. Danmark satsar me på å ta østkysten. Bles ikkje so mykje dar som vest. Ikkje Sverige på oss. Bestemte oss tidlig for å ta båt frå Danmark ( heldigvis ) Flott du følge oss.