Inger has not added a blog entry yet
....Men ein dag flaut det ei kasse forbi på elva. Den vesle bjørnen fiska kassa opp frå vatnet og sa: "åååh...bananar." For kassa lukta bananar. Og kva var det som stod på kassa? "Pa-na-ma", las den vesle bjørnen. Kassa kjem frå Panama, og Panama luktar bananar. "Å, Panama er det landet eg drøymer om," sa den vesle bjørnen. Han sprang heim og fortalde den vesle tigeren om Panama til langt på natt. "I Panama", sa han, "der er …
read more
Inger Haugsgjerd
....Men ein dag flaut det ei kasse forbi på elva. Den vesle bjørnen fiska kassa opp frå vatnet og sa: "åååh...bananar." For kassa lukta bananar. Og kva var det som stod på kassa? "Pa-na-ma", las den vesle bjørnen. Kassa kjem frå Panama, og Panama luktar bananar. "Å, Panama er det landet eg drøymer om," sa den vesle bjørnen. Han sprang heim og fortalde den vesle tigeren om Panama til langt på natt. "I Panama", sa han, "der er alt mykje finare, ser du. For Panama luktar bananar frå ende til annan. Panama er det landet vi drøymer om, tiger. Vi må straks i morgon reise til Panama, meiner ikkje du òg det?" "Straks i morgon", sa den vesle tigeren, "for vi treng jo ikkje vere redde for nokon ting, bjørn. Men tiger-anda mi må òg vere med."
Eg har ikkje noko tiger-and, men eg skal våge meg ut i den store vide verda utan tiger-and. Panama er det landet eg drøymer om.