Profile
Blog
Photos
Videos
Kia ora!
Med tongt mot, måtte me forlata Australia! Men eit nytt land venta på oss, og me va spente på ka New Zealand hadde å by på! Me skulle berre ver i landet i fem daga, og holdt oss derfor berre i området rundt Auckland. (me må nok komma tebake ein anna gong, for å få så resten av landet) Ette at Runa blei stoppa på flyplassen i sprengstoffkontoll, va da bombesikkert at me va klare for New Zealand ;) Me ankom byen seint på kvelden, og brukte tio berre på å få sjekka inn og utforska dela av området.
Neste dag blei me bedre kjent, og satte oss på ved ein turistinformasjon, sio me ikkje hadde ein einaste plan om ka me skulle gjera og sjå her! Sio me e blitt fan av arrangerte tura, kjøpte me oss lika godt ein her og. Ditta va ein heildagstur som me skulle ha iløpet av dei neste dagane.
Dagen ette gjekk me opp te ein flotte park. Her i New Zealand e da ikkje mangel på grønn og flott natur, og da viste godt igjen her i den store, fine parken:) Me e jo ganske interessert i Maori-kulturen, og tok turen te Auckland Museum, for å sjå på ei kjekke framsyning av Maorisk dans og song! Spennandes å få oppleva dela av den kulturen, som e so verdsatt her i New Zealand. Der lærte me oss den Maoriske frasen "kia ora", som kan bety "hei", "bra jobba", "strålandes" osv. Kunne altså bruka da te da mesta som va positivt :)
Me fant ut at sightseeing og turisme va tingen vår neste dag og, og tok turen opp i da høga Sky Tower. Her fekk me testa ut høgdeskrekken vår, imens me fekk sjå byen frå ende til aen. Her va Inga so heldig at hu blei kontakta av ein inder. Inga trudde at han sporte om hu kunne ta bilde av han, men han ville at Inga skulle bli med på bildet. Så hu fekk seg ein liten photoshoot der altså. Ellers fekk me faktisk sjå glimt av sol, her i New Zealand, jihu! Og Starbucks har vore poppis dinna turen.
Når dagen va komt for den arrangerte turen vår, såg me for oss ein svær buss, stappfull med turista, og guide med mikrofon og greier. Men me blei henta av to menn i ein vanlig Caravelle. Han eine mannen va resten av turistane som skulle bli med på turen, og han andre skulle ver vår guide den dagen! Da va altså Inga og Runa, og ein canader på 60 år! Me hadde da veldig morsomt ilag, alle fira. Topp gjeng!;) Me fekk sjå ka New Zealand hadde å by på av alt frå strender til regnskog! Nerforbi eit fossefall midt i regnskogen fekk me servert ferske vindruer frå hagen til guiden vår (idyllisk?). Me vassa i elv for å komma fram te ei svær sanddyna. Elvo hadde ein del kvikksand i seg, og da va plassa der me kjente at kroppen seig ner. Her på sanddyno, fekk Inga prøvd ut sandboarding, som hu lenge har lengta ette å få prøva;) Sanden her va kje heilt av den kvaliteten hu såg ette te sandboarding, men hu sette utforbi lio på brettet sitt!
Da sista besøket me hadde, va ei 60 km lang strand. Fantastisk flott! Her va da klipper me fugla, som kom for å verpa fram ungane sine. Her kunne me ha sotte i evigheta, og berre sett utøve utsikten.
Ette ein lang, men utruli kjekk og innholdsrik dag, kjørte me heim. Passe utslitne, men klare for å forlata nok eit land!
- comments