Profile
Blog
Photos
Videos
Norheimsund, Norway
Planlegginga er i gang
Kalenderen viser 8. juni 2009. På skulen sit Vetle og Even i godsleg lag med sine respektive medelevar og diskuterer kva framtida, meir spesifikt dei neste 12 månadane, vil bringa. Alternativa er mange, og mange ville nok sei seg eining i at eit studie innan geometri og kvantefysikk freista etter tre år i vidaregåande skule, men enno var korkje Vetle eller Even overtydd.
Så small det. "Kan ikkje du og Vetle reisa då?" skaut Ingun inn frå kanten. Ho visste me begge hadde tala vent om dette tidlegare. Brått fraus det i meg. Det var så openbart! Me skulle reise jorda rundt!
Atlas blei plukka fram, ønskeliste satt opp og ambisjonane etterkvart nedjusterte. No er Kilroy kontakta og planlegginga i gang. Planen for "skuleåret" 09/10 er lagde:
- Det vert reis!
- comments

